Undervisning der elevane er inndelt i grupper etter faglege prestasjonar vert omtalt som nivådelt. Opplæringslova § 8-2 viser til at opplæringa til vanleg ikkje skal organiserast i grupper inndelt etter fagleg nivå.

Lova gir ikkje forbod om inndeling i grupper etter fagleg nivå, men det skal ikkje vere permanente grupper.

Studiar av nivådeling

Sjølv om lovverket kan synast klart har det vore debatt knytt til nivådeling av undervisning i skulen. Forsking gir inga eintydige svar om bruk av nivådeling; enkeltstudia talar for nivådeling av undervisninga, andre studiar talar mot.

Metastudien til John Hattie frå 2009 der han gjennomgjekk ei rekkje studiar av nivådeling og organisatorisk differensiering viste ein svak positiv effekt på gjennomsnittleg læringsutbytte for elevane.

Når ein skilde mellom elevar med ulike fagprestasjonar, var effekten høgst for elevar med høge prestasjonar. Elevar som presterar middels hadde ein svak negativ effekt, medan elevar som presterar lavt viste positiv, men lågare effekt enn elevar som var høgt presterande. Alle effektane var derimot så svake at det vanlegvis ikkje vert rekna som ein reell effekt.

Det kan vere andre faktorar som har større effekt på elevane sitt læringsutbytte. Hattie viser mellom anna til at læraren har større innverknad på læringsutbytte enn nivådeling.

Argument for og imot nivådeling

Eit argument for nivådeling er at elevane etter opplæringslova har rett på tilpassa opplæring. Nivådeling kan gjere det lettare for lærarar å undervise grupper av elevar som har meir like føresetnadar enn elevar i nivåblanda grupper.

Argument mot dette er blant anna at studiar, som vist over, tyder på det ikkje er så enkelt. Studien til Hattie tyder på at elevane i alle gruppene vert så lite flinkare at ein vanlegvis ikkje reknar det som ein effekt. Svaret blir da at undervisninga skal tilpassast den einskilde eleven sitt faglege nivå, men det skal skje utan inndeling i permanente grupper etter fagleg nivå.

Den overordna samfunnsnytten av å ha eit utdanningssystem der alle elevar går saman uavhengig av bakgrunn og føresetnadar har òg vore vektlagt i debatten kring nivådeling. Ein reknar med at utvikling av respekt for kvarandre og toleranse for skilnadar har gode kår der elevar med ulik økonomisk og etnisk bakgrunn, og med ulike faglege føresetnadar, går saman på same skule.

Nivådelt undervisning internasjonalt

Debatten om nivådeling er ikkje særskilt for Noreg. I mange land, til dømes Tyskland og England er det vanleg å tidleg dele inn elevane etter evner, ikkje berre i eigne grupper, men òg eigne skular. Dette har dels historiske grunnar knytt til klare klasseskilje, men er òg eit resultat av at ein framleis vektlegg å tilby undervisning etter føresetnadar.

Noreg hadde òg klare klasseskilje, men framveksten av einskapsskulen, seinare fellesskulen, har vore tufta på at ein ynskjer at alle elevar skal gå i same skule uavhengig av mellom anna sosioøkonomisk bakgrunn og faglege føresetnadar. Såleis skil debatten i Noreg, eller snarare resultatet av han, seg frå debatten i mange land vi elles samanliknar oss med.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hattie, J. (2009) Visible Learning. A synthesis of over 800 meta-analyses relating to achievement. London: Routledge.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg