Nils Utsi

Faktaboks

Nils Utsi

Nils Reidar Utsi

Født
22. juli 1943
Død
1. januar 2019
Nils Utsi
Nils Utsi under innspelinga av Nils Gaup-filmen Historien om Kautokeino 1852 i 2006.
Nils Utsi
Av /NTB Scanpix.
TV-serien «Ante»
Nils Utsi saman med Sverre Porsanger, som spela tittelrolla i TV-serien Ante (1976).
TV-serien «Ante»
Av .

Artikkelstart

Nils Utsi er ein norsk-samisk skodespelar og instruktør. Han er særleg kjend for å spele samiske roller i norske filmar og teaterframsyningar.

Nils Utsi blei fødd i Tana. Han blei teken opp ved Teaterhøgskolen i Oslo i 1964 og var den første studenten der med samisk bakgrunn. Etter å ha utdanna seg til skodespelar blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1968. Her spela han blant anna Vladimir i Mens vi venter på Godot (1969).

I 1971 var han med på å opprette Hålogaland Teater, det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg og det første regionteateret i Noreg. Det første tiåret var Utsi blant dei sentrale drivkreftene ved teatret, og han tok del i alle produksjonane den første tida. Også seinare gjesta han Hålogaland Teater i fleire roller, mellom anna i tittelrolla i stykket Petter Dass (1984), og i ei av rollene i Benoni og Rosa (2005).

Utsi hadde ei rekkje roller i filmar og TV-produksjonar. Han blei landskjend gjennom serien om sameguten Ante, send på NRK i 1976 og 1977, der han spela far til Ante og var medinstruktør i serien. Han var med i dramafilmen La elva leve! (1980) om Alta-aksjonen i 1979–1980. I den samiske filmen Veiviseren (1987) hadde han ei sentral rolle. Filmen blei nominert til Oscar-prisen for beste utanlandske film. Han spela òg mellom anna i filmane Kautokeino-opprøret (2008) og Jernanger (2009). I 2012 hadde han ei viktig rolle i ungdomsserien «Hjerterått», som blei vist i NRK. Han har òg spela i fleire kortfilmar.

Nils Utsi hadde hovudrolla i ein samisk versjon av Ludvig Holbergs Jeppe på Bjerget ved Beaivváš Sámi Teáhter (no Beaivváš Sámi Našunálateáhter) i Kautokeino i 1997. Han var instruktør for stykket Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved det same teateret i 2004.

Utsi var dessutan ein aktiv teateroversettar, og han dramatiserte det samiske sagnet Gutten og gullfuglen, som har vore sett opp på fleire teater (første gong ved Hålogaland Teater i 1972). Han blei tildelt Finnmark fylkes kulturpris i 2016.

Nils Utsi var far til Maria Utsi, direktør for Festspillene i Nord-Norge.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg