Nils Aarsæther

Artikkelstart

Nils Johan Aarsæther er ein professor med lokaldemokrati som spesialområde, aktiv politikar og samfunnsdebattant.

Aarsæther er fødd i Ålesund 10. juli 1947. Han tok artium i 1966 og hovudfag i sosiologi ved Universitetet i Bergen i 1973. Sidan 1974 har han vore tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 1993 som professor ved Institutt for planlegging og lokalsamfunnsforsking.

Aarsæther si oppfatning av demokrati er at folk må stå i sentrum for sine eigne val, eit politisk grunnsyn han målbar allereie i Populistiske arbeidsgrupper i Bergen, der han var ein av dei sentrale aktivistane i 1970-åra.Synet på kommunen som ein grunnstein i demokratiet ligg til grunn for mykje av forskinga hans.

Han slår fast at det er kommunane som har bygd ut velferdssamfunnet i Noreg, men at ei utilsikta følgje av rolla som tenesteytar er at innbyggjarane kan bli brukarar meir enn borgarar. Kopla med tendensar til globalisering og individualisme kan dette svekkje kommunen som politisk kraftsentrum. I studien Nærdemokrati. Teori og praksis (2002) går det fram at globaliseringa likevel ikkje har knekt det lokalpolitiske engasjementet.

I 2009 var Aarsæther medforskar i ei landsomfattande undersøking av arbeidet med lokal samfunnsutvikling i norske kommunar. Undersøkinga viste at det skjer eit omfattande og vel forankra utviklingsarbeid i nesten alle kommunar. Lokalpolitikarane tek ansvaret for å skape gode lokalsamfunn på alvor.

Samfunnsforskaren Aarsæther er aktiv i Senterpartiet. Han var medlem av sentralstyret i partiet i 2005–13 og var leiar for programkomiteen i 2009–13. Både som forskar og politikar tek han ofte del i debattar i aviser og radio.

Litteratur

Torill Nyseth og Nils Aarsæther: Nærdemokrati. Teori og praksis. Oslo 2002

Ringholm, Aarsæther, Nygaard og Selle: Kommunen som samfunnsutvikler. Tromsø 2009

Nils Aarsæther: «Modernisering utan sentralisering. Ein sosiologisk analyse av lokalsamfunnsutvikling i Vanylven kommune». Hovudfagsoppgåve, Universitetet i Bergen 1973

Nils Aarsæther og Signe Irene Vabo: Fristilt og velstyrt? Fokus på kommune-Norge. Oslo 2002

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg