Faktaboks

Nils Økland
Fødd
7. januar 1961, Haugesund, Rogaland
Nils Økland
Nils Økland
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 4.0

Nils Økland er musikar, komponist og improvisatør som kryssar sjangergrenser og byggjer bruer mellom folkemusikk og kunstmusikk.

Bakgrunn

Nils Økland er fødd i Haugesund i Rogaland. Han er utdanna fiolinist ved Rogaland Musikkonservatorium (no Universitetet i Stavanger) og Norges musikkhøgskole (1979–1985). Han har òg studert i Budapest og Amsterdam.

Musikkarrieren

Økland tok til å lære hardingfelespel i studietida av Sigbjørn Bernhoft Osa og Knut Hamre, og dette er blitt hovudinstrumentet hans. Han spelar òg viola d'amore. Økland var musikalsk leiar for Ole Bull AkademietVoss i perioden 1989–1995 og har etter dette arbeidd som frilansmusikar med base i Haugesund.

I 1995 gav Økland ut si første plate i eige namn, Blå harding, med religiøse folketonar og eigne komposisjonar. Dei neste platene, Straum (2000), Bris (2004) og Monograph (2009) inneheld berre eigne komposisjonar og improvisasjonar. Bris byggjer mellom anna på musikken han skreiv for ein teaterversjon av Jon Fosse-romanen Melancholia.

I 1980-åra spela Økland i grupper som punkbandet Løver og tigre, avantgardeprosjektet Skinn og bein, Oslo Tangoforening og Balkansemblet, og i 1986 gav han ut plate saman med bassisten Bjørnar Andresen. Etter 2000 har han vore medlem av Christian Wallumrød ensemble, og saman med Bjørn Kjellemyr og Berit Opheim utgjer han BNB. I 2008 urframførte han Magnar Åms «Straum – motstraum» for hardingfele og strykarar.

Utmerkingar

I 2010 fekk Økland både Osaprisen og Rogaland fylkeskommunes kulturpris. Plateutgivinga til Balkansemblet, Balkan samlet, fekk Spellemannprisen i 1984.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg