Nikolaus Gjelsvik

Faktaboks

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Mateus Gjelsvik

Født
11. april 1866, Vevring (no Askvoll), Vestland
Død
14. november 1938, Oslo

Nikolaus Gjelsvik. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Nikolaus Gjelsvik
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Nikolaus Gjelsvik var ein norsk jurist og målreisingsmann. Han gjorde eit stort arbeid for nynorsk som lovspråk ved å gi ny språkdrakt til ei rekkje lover og gi ut lærebøker i rettslære på nynorsk. Han var òg formann i fleire av dei viktigaste norskdomsorganisasjonane på starten av 1900-tallet og var ein sentral person i målrørsla.

Nikolaus Gjelsvik vart fødd i Gjelsvika i Askvoll. Han hadde bondebakgrunn, men kom seg på skule i Stavanger ved hjelp av Lars Oftedal og deretter vidare som student. I 1893 vart han cand.jur., og deretter steig han raskt i gradane: til dosent i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1897 og til professor i 1906.

Gjelsvik var formann i Det Norske Samlaget 1903–1919, i Noregs Ungdomslag (NU) 1906–1915 og i Noregs Mållag (NM) 1912–1915, dessutan i Målkassa og Livstrygdelaget Andvake. Han var ein person med praktisk sans og stort nettverk. Han stod sentralt i arbeidet med mange nytiltak i mål- og norskdomsrørsla, ikkje minst oppbygginga av eit felles sentralledd i hovudstaden. Dette vart realisert i 1913 då dei oppretta Skrivarstova og lagsbladet Bodstikka, eit samarbeid mellom NU og NM.

Som politikar tok Gjelsvik tidleg opp spørsmålet om landsgymnas for bondeungdom, og han lanserte ideen om eit nynorsk universitet i Bergen. Som jurist rydda han grunnen for eit nynorsk lovspråk. Han gav ny språkdrakt til ei rekkje lover og skreiv dessutan ei rekkje lærebøker i rettslære på nynorsk, mellom andre Innleiding i rettsstudiet, som kom i fem utgåver.

Gjelsvik var også engasjert i storpolitikken, og han deltok som sekretær og rådgivar under forhandlingane i Karlstad i 1905. Der foreslo han eit nøytralt belte mellom Noreg og Sverige. Han hadde nær kontakt med forskingsmiljø i utlandet og studerte ved fleire høve ved utanlandske universitet. I 1929 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig. På heimegarden Gjelsvika står ein minnestein til ære for han.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Olav Midttun: Mål og menn. Oslo 1968
  • Sven Moren: Møte og minne. Oslo 1938
  • Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938. Minneskrift frå Norsk måldyrkingslag. Oslo 1968

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg