Nikolaos Mikhaloliakos

Faktaboks

Nikolaos Mikhaloliakos

Nikos

Født
16. desember 1957, Aten

Nikolaos Mikhaloliakos, gresk politikar. Grunnla i 1983 partiet Gyllent daggry som han framleis er leiar for. I september 2013 blei Mikhaloliakos arrestert tiltala for å leia ein kriminell organisasjon.

Politisk biografi

Då Mikhaloliakos var 16 år, melde han seg inn i partiet Den fjerde august (Komma 4is Augoustou, K4A), som blei leia av Nikolaos Plastiras. K4A blei oppløyst i 1977, men fleire av medlemmene melde seg seinare inn i Gyllent daggry.

På 1970-talet tilbrakte Mikhaloliakos ei tid i fengsel grunna deltaking i ein demonstrasjon utanfor den britiske ambassaden og for angrep på venstreaktivistar og journalistar. I fengselet blei han kjend med tidlegare diktator Georgios Papadopoulos. Papadopoulos oppfordra Mikhaloliakos til å ta over leiinga av den høgreekstreme ungdomsrørsla Nasjonal Politisk Union (Ethniki Politiki Enosis, EPEN).

I 1980 starta han tidsskriftet Gyllent daggry (Χρυσή Αυγή), som blei gjeve ut fram til 1989. Eitt av nummera hadde ein lengre hyllest til og eit forsidebilete av Adolf Hitler. Mikhaloliakos forlét magasinet til fordel for leiarskap i EPEN, som blei starta av Papadopoulos i 1984.

I 1985 forlét Mikhaloliakos EPEN for å gjera Gyllent daggry til eit politisk parti, men partiet fekk liten støtte dei første åra. Først ved lokalvalet i 2010 blei Mikhaloliakos vald inn som byrådsrepresentant i Aten. Ved valet i juni 2012 blei Mikhaloliakos vald inn som ein av 18 parlamentsmedlemmer frå Gyllent daggry.

Ved det ekstraordinære parlamentsvalet i januar 2015 fekk Gyllent daggry 6,3 prosent og Mikhaloliakis heldt fram som parlamentsmedlem i lag med 16 andre partifeller.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg