Faktaboks

Niko Valkeapää

Niko-Mihkal Valkeapää

Fødd
30. desember 1968, Enontekiö (Eanodat), Finland

Niko Valkeapää på scenen under Beassas-festivála, påskefestivalen i Kautokeino, i 2004.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Niko Valkeapää er ein samisk songar, låtskrivar og joikar med internasjonalt ry. Han syng på samisk og har gjennom 25 år utvikla samisk musikk mot elektronika-pop og blues til inspirasjon for yngre samiske artistar.

Valkeapää var nærmast ukjend for eit ikkje-samisk publikum inntil han vann Spellemannprisen i Åpen klasse for 2003 for debutalbumet Niko Valkeapää. Stødig forankra i samisk tradisjon utgjer Valkeapää si særeigne vare og varme stemme eit musikalsk bakteppe av både elektronisk musikk og moderne jazz.

Bakgrunn

Niko-Mihkal Valkeapää er fødd i Enontekiö (Eanodat) i Finland. Han gjekk på Samisk videregående skole og reindriftsskole og Samisk høgskole, begge i Kautokeino/Guovdageaidnu. Der budde han frå 1990 til 2013 og arbeidde etter kvart som lærar, før han vart musikar på heiltid. Han er òg samepolitisk engasjert og sat i Samerådet i 2009–2012 for Finske samars sentralforbund / Suoma sámiid guovddášsearvi i Finland.

Musikkarrieren

Som joikar har Valkeapää solide røter i samisk musikktradisjon. I tillegg til eigne utgivingar er Valkeapää òg med på fleire samleutgivingar. Niko Valkeapää er gudson til avdøde Nils-Aslak Valkeapää, eller Áillohaš som han vert kalla på samisk, og har tonesett og gitt ut fleire av gudfaren sine dikt. Nedtona og minimalistisk, med sparsame arrangement, framfører han her fleire av Áillohaš sine dikt til eigne melodiar og trekkjer omgrepet «verdsmusikk» vidare mot eit meir moderne lydbilete av pop, rock og elektronika.

Sierra (2004) tyder «noko for seg sjølv», og med andrealbumet etablerte Valkeapää seg som ein av dei fremste samiske artistane. I ei form for open, eksperimentell pop held han og den faste låtskrivaren hans, musikar og produsent Georg Buljo, fram med å blande akustiske instrument og elektronika. Sierra er likevel meir rytmisk og intens enn debutalbumet. Joiken er, med eitt unntak, fråverande her i si opphavlege form.

Også tredjealbumet, dobbel-CD-en Birrat Birra (Rundt og rundt, 2008) vart kritikarrost for eit musikalsk landskap der jazz og ein moderne sound møter det urgamle samiske. Valkeapää har her med seg andre musikarar enn dei han vanlegvis arbeider saman med. Mellom anna har Mari Boine ei gjesteframføring på «Gula Sámi», ein song sett saman av hennar eigen «Gula Gula» og Isak Saba sin tekst til «Samefolkets song».

På kritikarroste Gusto (2012) går Valkeapää nye vegar og blandar samisk musikkarv med americana. Resultatet er noko han kallar samisk blues, eit akustisk lydbilete fullt av nerve og driv – nedstrippa, fokusert og umiddelbart, og mindre elektronisk enn dei føregåande albuma. Med et par mindre unntak spelar Buljo alle instrumenta, med meir bruk av akustiske instrument, mellom anna akustisk gitar, dobro, bouzouki og perkusjon. Tekstane omtalar i stor grad dei mørke sidene av menneskesinnet på ein ærleg, personleg og kjenslevar måte.

På albumet ÄÄ (2012) leverer Valkeapää ekstrovert og eksperimentell samisk pop som minner om synthbasert 80-talsmusikk, og med raskare rytmar enn han har vist fram før. Melankolien ligg no bak fengjande refreng, men dei mørke stemningane er framleis der og fortel om djupna i ei menneskesjel. Tekstane handlar om mennesket si leiting gjennom einsemd og tunge stunder. Som vanleg har Buljo laga dei fleste melodiane på albumet.

Prisar og framsyningar

Valkeapää vann Sámi Grand Prix i 1994 og 1995. I 2003 fekk han Spellemannprisen i open klasse for debutalbumet Niko Valkeapää. Han vann båe jury- og publikumsprisen under Liet International 2004 (songtevling for europeiske minoritetsspråk). I 2008 fekk han to Folkelarmprisar. I 2012 vart han nominert til Spellemannprisen i klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk for albumet Gusto, og same året vart han vald som Årets samiske artist av Finnmark fylkeskommune ved Sápmi Music.

Valkeapää har spela mellom anna på Nattjazz i Bergen, under Festspela i Nord-Noreg, på Riddu Riđđu Festivála, Nordland Musikkfestuke i Bodø, Varangerfestivalen og Oslo World Music Festival. Han har òg spela på ein rekkje festivalar og konsertar elles i Norden, samt i Nederland, USA, Hellas, Canada, Alaska, Russland, Japan og Brasil. I 2004 hadde Valkeapää hovudrolla i eit skodespel ved Beaivváš Sámi Teáhter.

Utgivingar

  • Niko Valkeapää (2003)
  • Sierra (2004)
  • Birrat Birra, (2008)
  • Gusto (2012)
  • ÄÄ (2012)
  • Ráfi (2015)
  • Gáldu (2019)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg