Niklas er eit mannsnamn som er samantrekt form av det greske Niko-laos der forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘folk’.

Namnet har fleire variantar: Nichlas, Nicklas, Niclas, Niklas.

Kjende personar med namnet Niklas

Eit utval personar med namnet Niklas, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 284 menn i Noreg som hadde Niklas som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 27 gutar som fekk namnet Niklas.

Utvikling i bruk av namnet

Niklas er blant dei namna som har vorte innlånte frå Sverige, og som har hatt toppfasen sin i 1970-åra eller seinare. Dette gjeld også dei svenske innlåna Ørjan, Gøran, Christer og Linus. Til liks med det relaterte Nicholas har Niklas vore mest brukt 2005–2009.

Utvikling i bruk av namnet Niklas frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Niklas frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg