Faktaboks

Nikita Khrusjtsjov

Nikita Sergejevitsj Khrusjtsjov

engelsk transkripsjon Nikita Khrushchev

Uttale
Hrussjˈåf
Fødd
17. april 1894, Kalinovka, Russland
Død
11. september 1971, Moskva, Sovjetunionen (no Russland)
Nikita Khrustsjov

Nikita Khrusjtsjov. Klimaet i europeisk politikk blei kaldare etter at Nikita Khrusjtsjov, dåværende leiar for Sovjetunionen, kom med utfall mot USA og USAs president på ein pressekonferanse som avslutta det politiske toppmøtet i Paris 18. mai 1960.

Av /NTB Scanpix ※.

Nikita Khrusjtsjov var ein sovjetisk politikar. Han var leiar for Sovjetunionen frå rundt 1956 til 1964.

Khrusjtsjov tok gradvis over som statsleiar etter at Josef Stalin døydde i 1953, dei første åra i maktkamp med mellom andre Georgij Malenkov. Han kom med sterk kritikk av forgjengaren Stalin, men tok ikkje noko verkeleg oppgjer med det politiske systemet Stalin hadde skapt. Dei første åra til Khrusjtsjov var likevel kjenneteikna av auka liberalisering av det sovjetiske samfunnet, og av større openheit mellom Sovjetunionen og andre land.

Utanrikspolitisk var Khrusjtsjovs leiarperiode prega av den kalde krigen. Krava hans om at dei vestlege landa skulle anerkjenne Aust-Tyskland (DDR) som eit sjøvstendig land, førte til bygginga av Berlinmuren i 1961. Under Khrusjtsjov kom det «varmaste» punktet i den kalde krigen, nemleg Cubakrisa i 1962.

Etter kvart kom Khrusjtsjov i konflikt med andre sovjetiske politikarar, og han blei avsett i 1964.

Oppvekst

Khrusjtsjov var fødd i Kalinovka i dagens Vest-Russland (Kursk fylke). I 1908 flytte familien til industribyen Juzovka (Donetsk) i Ukraina, der faren i lengre tid hadde vore sesongarbeidar. Khrusjtsjov byrja å arbeide i industrien året etter, 15 år gammal. I 1918 melde han seg inn i det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet (bolsjevikpartiet), som hadde teke makta i hovudstaden Petrograd hausten i førevegen, i det som er kjent som Den russiske revolusjonen.

Under den påfølgande borgarkrigen i åra 1918–1921 kjempa Khrusjtsjov i Den raude armeen, først og fremst mot dei kvite styrkane til general Anton Denikin i Aust-Ukraina og Sør-Russland.

Tidleg karriere

Nikita Khrusjtsjov med familie (1929)

Etter krigen studerte Khrusjtsjov ved eit «arbeidarfakultet» (rabfak) i Juzovka, som hadde som føremål å førebu arbeidarar for høgare utdanning. Snart byrja han å klatre oppover i partiapparatet. I 1925 blei han sjef for eit lokalt partilag utanfor Juzovka. Han blei utsending til både den ukrainske partikongressen og den sovjetiske. I denne perioden uttrykte han støtte til Josef Stalin i maktkampen etter Vladimir Lenins død mot Lev Trotskij, Grigorij Zinovjev og Lev Kamenev, sjølv om han ein kort periode sympatiserte med nokre av ideane til Trotskij.

Den nye partisjefen i Ukraina, Lazar Kaganovitsj, blei ein patron for Khrusjtsjov i det sovjetiske systemet, og dei neste åra skifta Khrusjtsjov snøgt stillingar i Stalino, Kharkiv og Kyiv, før han i 1929 følgde med Kaganovitsj til Moskva.

Partisjef i Moskva

Nikita Khrusjtsjov og Josef Stalin, fotografert i Moskva under eit 1. mai-arrangement i 1932

I maktkampen etter Vladimir Lenins død uttrykte Khrusjtsjov støtte til Josef Stalin, og mot slutten av 1930-talet var han blitt del av den nærmaste krinsen rundt diktatoren.

I Moskva studerte Khrusjtsjov ved «Industriakademiet», ein av fleire nye sovjetiske institusjonar oppretta i tida etter 1917. Dette fall saman i tid med den sovjetiske kulturrevolusjonen, der tidlegare «borgarlege spesialistar» som bolsjevikane hadde alliert seg med etter 1917, no blei reinska ut i stort omfang og erstatta av yngre, lojale kadrar frå eigne rekker. Dette var konteksten for Khrusjtsjov sin veg vidare oppover i det sovjetiske systemet, trass i at han ikkje fullførte utdanninga ved Industriakademiet.

I åra 1929–1938 heldt Khrusjtsjov fram med å få stadig nye og viktigare stillingar, mellom anna blei han partisjef i Moskva og medlem av Sentralkomiteen i kommunistpartiet. Under Khrusjtsjov gjekk Moskva gjennom ei omfattande modernisering, mellom anna fekk byen metro. Biografen hans, William Taubman, peikar på at sjølv i ei tid med stor sosial mobilitet var Khrusjtsjov sin veg oppover uvanleg rask. Mot slutten av 1930-talet var han blitt del av den nærmaste krinsen rundt Stalin. I 1939 blei han fast medlem av politbyrået, det viktigaste maktorganet i Sovjetunionen. I talar støtta han fullt ut kampanjane under Den store terroren (1937–1938), og som partisjef i Moskva godkjende han mange arrestasjonar.

Partisjef i Ukraina

Khrusjtsjov (til venstre) og Andrej Jerjomenko (til høgre) under forsvaret av Stalingrad 1942

I 1938 blei Khrusjtsjov utnemnt til leiar for det ukrainske kommunistpartiet og dermed øvste leiar for den ukrainske sovjetrepublikken. Dette fall saman med den siste fasen av Den store terroren og dei avsluttande kampanjane mot bødlane sjølve. Khrusjtsjov utførte ordrar frå Stalin på lojalt vis.

I 1939 okkuperte og annekterte Sovjetunionen Vest-Ukraina (Galicja og Volhynia). Dette skjedde etter at Tyskland invaderte Polen 1. september 1939 og starta andre verdskrigen, og baserte seg på den hemmelege delen av Molotov-Ribbentrop-avtalen. I dei neste åra gav Khrusjtsjov ordrar om omfattande deportasjonar av menneske mistenkte for å vere i opposisjon til det nye sovjetstyret.

Under den tyske invasjonen av Sovjetunionen (1941–1944, sjå austfronten) var Khrusjtsjov politisk kommissær. Etter at dei tyske styrkane var drivne bort frå sovjetisk territorium, tok han opp att arbeidet som leiar for den ukrainske sovjetrepublikken. I tillegg til gjenoppbygginga etter dei omfattande krigshandlingane fekk han ei ekstra oppgåve med å slå ned motstanden frå Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar og den ukrainske partisanarmeen. Han tok også aktivt del i arbeidet med å fastsetje dei nye grensene til den sovjetiske staten mot nabolanda i vest. I dei nyerobra territoria blei landbruket kollektivisert, i samsvar med landbruket elles i Sovjetunionen. Under dei nye kampanjane mot kulturlivet på slutten av 1940-talet måtte Khrusjtsjov sørge for at ikkje ukrainsk nasjonalisme kom for sterkt til uttrykk.

I 1947 blei Khrusjtsjov kalla tilbake til Moskva og til stillingane som byens partisjef, ei sekretærstilling i Sentralkomiteen og plassen i politbyrået.

Leiar av Sovjetunionen

Etter Stalin

Nikita Khrusjtsjov på forsida av magasinet Life i oktober 1959, der han held ei maiskolbe
Det sovjetiske jordbruket blei ei hjartesak for Khrusjtsjov, ein seinare kampanje handla om maisdyrking.

Josef Stalin døydde 5. mars 1953. Den næraste krinsen rundt Stalin var, i tillegg til Khrusjtsjov, Lavrenti Beria, Georgij Malenkov, Vjatsjeslav Molotov, Lazar Kaganovitsj og Nikolaj Bulganin. Dei sat alle i Presidiet, eit organ som i 1952 hadde erstatta Politbyrået. Malenkov overtok Stalins stilling som statsminister, det vi seie han leia den sovjetiske regjeringa Ministerrådet. Khrusjtsjov på si side blei i september valt til førstesekretær for Sentralkomiteen, noko som langt på veg erstatta ei anna stilling Stalin hadde hatt, nemleg som generalsekretær, sjølv om den sistnemnde tittelen ikkje blei brukt no. I praksis var Khrusjtsjov dermed leiar for kommunistpartiet.

Åra frå 1953 til 1957 blei ein periode med rivalisering på toppen. Leiaren for tryggingstenesta, Beria, posisjonerte seg tidleg i kraft av ulike sentrale posisjonar, og han sette i gang fleire reformer. Seinare same år kvitta Khrusjtsjov og dei andre seg med Beria, som blei arrestert og skoten. No byrja nye rivaliseringar. Malenkov tok initiativ til økonomiske reformer, medan Khrusjtsjov sette i gang eit omfattande nybyggarprosjekt i Kasakhstan. Det sovjetiske jordbruket blei ei hjartesak for Khrusjtsjov, ein seinare kampanje handla om maisdyrking. Etter ein god start fekk begge desse prosjekta med tida store problem og skapte misnøye hos andre partitoppar.

Khrusjtsjov hadde god innsikt i partistrukturen og sikra seg støtte i ulike regionar, noko som var ein viktig faktor i den vidare maktkampen. I 1954 var han med på å føre Krymhalvøya over frå den russiske til den ukrainske sovjetrepublikken. Malenkov trekte seg i 1955 som regjeringssjef.

Ein siste maktkamp fann stad i 1957, då Molotov, Kaganovitsj, Malenkov med fleire forsøkte å kaste Khrusjtsjov. Bakgrunnen var samansett: misnøye med reformer, avstaliniseringa og den personlege framferda hans. Khrusjtsjov hadde likevel tilstrekkeleg støtte i partiet elles til at det ikkje lukkast å avsetje han, og dei tre som utgjorde «antipartigruppa» blei omplasserte til perifere stillingar. Først på dette tidspunktet kunne Khrusjtsjov seiast å vere Sovjetunionens reelle leiar utan utfordrarar.

Den 20. partikongressen og kritikken av Stalin

Mao og Khrusjtsjov
Etter den 20. partikongressen i Moskva i 1956 og avstaliniseringa blei forholdet mellom Sovjetunionen og Kina dårlegare. Kina og Mao Zedong tok avstand frå Nikita Khrusjtsjovs tilnærming til vestmaktene. På dette bildet, frå feiringen av 10-årsjubileet for Folkerepublikken Kina i 1959, ser likevel tonen mellom dei to statsleiarane ut til å vere god.
Av /NTB Scanpix.

Som kommunistpartiets førstesekretær heldt Khrusjtsjov hovudtalen på den 20. partikongressen i Moskva i februar 1956. Tema for opningstalen var fredeleg sameksistens med det kapitalistiske Vesten, der Khrusjtsjov likevel var klar på at sosialismen ville sigre til slutt. Siste dagen blei det, utanom programmet, annonsert ein ekstra tale, og det er dette partikongressen i 1956 i ettertid blir hugsa for.

I den avsluttande talen, som hadde tittelen «Om personkult og følgene av han», kom Khrusjtsjov med sterk kritikk av Stalin. Personkulten rundt den tidlegare leiaren var berre ein av tinga som Khrusjtsjov tok opp. Stalin hadde også vore ein inkompetent leiar under andre verdskrigen. Khrusjtsjov trekte dessutan fram deportasjonane i 1944 av ulike nasjonalitetar, som krymtatarar, tsjetsjenarar og andre kaukasiske grupper. Han tok også eit oppgjer med alle utreinskingane under Den store terroren, trass i at han delte kritikken av Stalins rivalar Zinovjev og Nikolaj Bukharin.

Det Khrusjtsjov ikkje nemnde i talen, var kollektiviseringa av jordbruket og hungersnauda i Ukraina i åra 1932–1933. Her fanst heller ingen kritikk av Sovjetunionens politiske system, det var først og fremst ein kritikk av det han såg som Stalins avvik frå midten av 1930-talet og framover.

Sjølv om talen var «hemmeleg», var det ein stor møtelyd som høyrde kritikken og innhaldet blei snart kjent verda over.

Tøvêr

Nikita Khrusjtsjov med kosmonautar, foto fra 1963
Store triumfar for Khrusjtsjov var alle romferdene. Her er han saman med kosmonautane (frå venstre) Jurij Gagarin (det første mennesket i rommet), Pavel Popovitsj og Valentina Teresjkova (første kvinna i rommet).
Av /RIA NOVOSTI-arkivet.
Lisens: CC BY SA 3.0

Regjeringstida til Khrusjtsjov blir ofte kalla «tøvêrsperioden», etter romanen Tøvêr av Ilja Erenburg (1954). Det var ei tid for avstalinisering, og til og med ei viss liberalisering i kulturlivet. Rett nok fekk ikkje Boris Pasternak publisere romanen Doktor Zjivago i 1956, men i løpet av dei neste åra kom det ut ei rekke litterære verk med kritisk brodd. Perioden blei prega av poetar som Andrej Voznesenskij, Jevgenij Jevtusjenko og Bella Akhmadulina i Moskva, og Ivan Dratsj og Lina Kostenko i Kyiv. Mest oppsikt både heime og internasjonalt vekte forteljinga om ein dag i leirlivet (sjå Gulag) til Ivan Denisovitsj av Aleksandr Solzjenitsyn, som kom ut i 1962. Khrusjtsjovs tøvêr førte også til ein ny oppblomstring for sovjetisk film.

Sjølv om intelligentsiaen nytta høvet til å uttrykke seg friare, hadde Khrusjtsjov eit anstrengt forhold til mange kunstnarar. Særleg kjent er den spontane og negative reaksjonen hans i november 1962 på ei ny utstilling i Moskva med eksperimentell kunst. Dette skjedde same månad som boka til Solzjenitsyn kom ut. Seinare fann det stad eit møte i Kreml mellom Khrusjtsjov og forfattarar, der statsleiaren mellom anna kom med skuldingar om antisovjetiske haldningar. Dette kom til å markere slutten på tøvêrsperioden. Noko som ikkje blei liberalisert under Khrusjtsjov, var religionsfridommen. Han gav støtte til nye antireligiøse kampanjar, etter at Stalin hadde teke den ortodokse kyrkja inn i varmen att under andre verdskrigen.

Tøversperioden er like fullt kjenneteikna av at Sovjetunionen opna seg meir mot Vesten, i kultur og forsking, og at det blei større kontakt over grensene, som ved den internasjonale ungdomsfestivalen i Moskva i 1957. Store triumfar for Khrusjtsjov var alle romferdene. I 1957 var Sovjetunionen var det første landet som sende opp ein satellitt (Sputnik), og i 1961 blei Jurij Gagarin det første mennesket i rommet.

Khrusjtsjov prøvde eit stykke på veg å auke tilgangen for sovjetborgarar til forbruksvarer. Han sette også i gang ei storstilt bustadbygging for å løyse den store bustadmangelen i Sovjetunionen. Utdanningsnivået i samfunnet var no høgt. Mot slutten av regjeringstida byrja dei økonomiske vekstratane å falle.

Sovjetunionen og omverda

Hoxha, Khrusjtsjov og Shehu

Nikita Khrusjtsjov (i midten) saman med dei albanske kommunistane Enver Hoxha (sittende til høgre) og Mehmet Shehu (til venstre) i 1959.

Av /NTB Scanpix.
Nikita Khrustsjov (til høgre) lærer å danse norsk folkedans saman med Einar Gerhardsen under eit statsbesøk i 1964 på Norsk folkemuseum
Nikita Khrustsjov (til høgre) lærer å danse norsk folkedans saman med Einar Gerhardsen under eit statsbesøk i 1964 på Norsk folkemuseum
Av /NTB.

Khrusjtsjov var på ei rekke statsbesøk i løpet av regjeringstida si, og Sovjetunionen tok imot mange vestlege statsleiarar. Dette var med å skape større kontakt mellom Sovjetunionen og det kapitalistiske Vesten. Frå det internasjonale toppmøtet i Genève i 1955 og framover deltok Khrusjtsjov på ei rekke statsmøte, der nokre var kjenneteikna av positiv stemning og andre var meir anstrengde. I 1959 var han på eit lengre statsbesøk i USA.

Avstaliniseringa førte snart til at austblokkland som Polen og Ungarn freista å frigjere seg frå sovjetisk kontroll. I Polen klarte sovjetiske utsendingar å sikre polsk lojalitet til Moskva hos den sittande regjeringa. I Ungarn greip sovjetiske styrkar derimot inn med stor brutalitet då leiinga der annonserte demokrati med fleirpartisystem og nøytralitet. Sovjetunionen sette på slutten av 1956 inn ein ny, lojal leiar i Ungarn.

Utanfor Vesten var Khrusjtsjov på ei rekke statsbesøk til India, Burma, Afghanistan, Indonesia og Egypt. Sovjetunionen støtta Egypt under Suezkrisa i 1956, mellom anna med våpen. I samband med avkoloniseringa mange stader i verda var Khrusjtsjov oppteken av å sikre seg støtte der han kunne. Mali, Ghana og Guinea blei nye allierte på det afrikanske kontinentet.

Forholdet til den andre store kommuniststaten i verda, Kina, blei meir anstrengt under Khrusjtsjov. Mellom anna mislikte Mao kritikken av Stalin. Derimot betra Khrusjtsjov relasjonane med Jugoslavia og Josip Tito, som Stalin hadde brote med. Både Khrusjtsjov og Tito kom på offisielle besøk til kvarandre.

Det siste utanlandsbesøket til Khrusjtsjov var til Skandinavia i juli 1964. Her besøkte han også Noreg. Etterpå skreiv han i memoarane sine at han blei fortalt kvifor kommunistpartiet hadde så låg oppslutnad: «Fordi arbeidarane har eigne hus, båtar og annan eigedom.»

U2, Berlin og Cuba

Kennedy og Khrusjtsjov
Khrusjtsjov møtte USAs president John F. Kennedy i Wien i 1961.
Av /National Archives and Records Administration (NARA).
Manipulert foto av Khrusjtsjov med skoen i FNs generalforsamling
Ein særleg omtalt episode med Khrusjtsjov i hovudrolla fann stad i generalforsamlinga i FN 12. oktober 1960. Her blei han så provosert av sovjetkritikken frå ein representant frå den filippinske delegasjonen at han på eit tidspunkt skal han ha teke av seg skoen og vifta med han som ein protesterande gest. Om han også slo med skoen i pulten framfor seg, er omstridd. Etter episoden vart det laga feire manipulerte bileter av Khrusjtsjov med skoen, som dette. Biletet er fra den aktuelle forsamlinga, men skoen er manipulert inn i etterkant.
Manipulert foto av Khrusjtsjov med skoen i FNs generalforsamling
Av /NTB.
Castro og Khrusjtsjov
Nikita Khrusjtsjov (til høgre) møter Cubas statsminister Fidel Castro etter Cubakrisa.
Av /NTB.

Året etter det vellukka besøket til USA blei forholdet mellom dei to supermaktene brått verre att. 1. mai 1960 blei eit amerikansk spionfly av typen U2 skote ned over sovjetisk territorium. Dette sette ein mellombels stoppar for nedrustingsvisjonane frå møtet i Genève fem år tidlegare. På eit toppmøte i Paris nokre veker seinare konfronterte Khrusjtsjov USA og Vesten i langt sterkare grad enn før. På eit personleg plan var han djupt skuffa over president Dwight D. Eisenhower, som han nyleg hadde vore på eit tillitsvekkande besøk hos.

Ei anna sak Khrusjtsjov lenge hadde vore oppteken av, var det delte Tyskland. Etter valet i USA i 1960 tok han dette oppatt med ny styrke med den nye presidenten, John F. Kennedy. Khrusjtsjov insisterte på at vestmaktene skulle anerkjenna Aust-Tyskland (DDR) som sjølvstendig, og han truga med ein ny blokade av Vest-Berlin. Saka enda med bygginga av Berlinmuren i 1961, for å stoppe den store utvandringa vestover. Khrusjtsjov sjølv framstilte det som ein siger at han med dette sikra at Aust-Tyskland fekk kontroll med eige territorium.

På Cuba hadde kommunistar teke makta i 1959, og etter kvart blei Cuba og Sovjetunionen allierte. I oktober 1962 oppdaga amerikanske spionfly at Sovjetunionen hadde utplassert atomrakettar på øya og kravde at dei måtte fjernast. Dei neste vekene var spenninga mellom supermaktene intens, noko som i ettertid har fått namnet Cubakrisa. Sovjetunionen gjekk til slutt med på å trekke rakettane tilbake. Etterpå hevda Khrusjtsjov at Sovjetunionen hadde redda verda frå ein alvorleg atomkonflikt.

1964: Avsett

Toppleiinga (Presidiet) i Sovjetunionen avsette Khrusjtsjov i oktober 1964. Årsakene dei andre oppgav, var den frekke, ustadige og impulsive åtferda hans, og at han ofte handla utan å samrå seg med dei andre. Sovjetunionen hadde igjen fått ein personkult, hevda dei. Han blei også kritisert for måten han hadde takla utanrikspolitiske konfliktar på – i Suez, Berlin og på Cuba. Konflikten i toppsjiktet hadde toppa seg under eit møte i juli, der Khrusjtsjov hadde oppført seg svært nedlatande, samstundes som han kom med nærmast absurde framlegg om å legge ned Vitskapsakademiet og flytte Landsbruksakademiet ut på landsbygda.

Siste år

Khrusjtsjov levde dei siste åra sine heilt utanfor politikken, og var tidvis plaga av depresjon. Han var gift tre gonger, sist og lengst med Nina Khrusjtsjova. Han var far til fem barn. Oldebarnet Nina Khrusjtsjova er i dag professor i USA.

Ettermæle

Khrusjtsjov var ein langt meir utettervend statsleiar enn både forgjengaren Stalin og etterfølgaren Leonid Brezjnev. Han var oppteken av at sovjetleiarane måtte kome nærare folket og hadde ein stil som kan karakteriserast som populistisk. I møte med vanlege folk så vel som utanlandske statsleiarar kunne han vere entusiastisk, men også arrogant. Den sovjetiske intelligentsiaen var takksam for avstaliniseringa han tok initiativ til, men skamma seg over, eller såg ned på, den «vulgære» Khrusjtsjov. Ustabil åtferd kan, ifølge biografen Taubman, forklarast med at Khrusjtsjov, med fattig arbeidarklassebakgrunn og ufullført utdanning, kanskje hadde eit mindreverdskompleks.

Trass i Ungarn 1956, Berlinmuren og Cubakrisa, den konfronterande stilen hans og det at han stundom kunne opplevast som ein impulsiv og jamvel utilrekneleg statsleiar, har regjeringstida til Khrusjtsjov til sjuande og sist fått eit positivt ettermæle, mellom diktatoren og massemordaren Stalin på den eine sida og stagnasjonsperioden under den repressive Brezjnev på den andre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • William Taubman, Khrushchev: The Man and His Era. New York og London: W.W. Norton & Company, 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg