Avishode Nidaros – tidligere avis
Avishode Nidaros – tidligere avis
Norsk presses historie.

Nidaros var ei tidlegare dags- og vekeavis i Trondheim. Avisa vart grunnlagt i 1902, og var ei erklært venstreavis. På grunn av namnestriden i Trondheim, der avisa gjekk inn for Nidaros som namnet på byen, fekk avisa ein økonomisk knekk.

I 1957 stoppa avisa. Det blei forsøkt å fortsette utgjevingane med ei vekeavis, Søndags-Ekspressen. Nidaros kom igjen ut frå 1959 som vekeavis under det gamle namnet. Etter konkurs i 1988 vart avisa reetablert under namnet Trondheimsavisa, som vart lagt ned i 1991.

Ei ny avis med namnet Nidaros var grunnlagt i 2019.

Historie

Framsida av Nidaros 7. mai 1902.
Framside av Nidaros frå 7. mai 1902. Det fyrste nummeret av avisa kom ut 1. mai same året.
Nidaros/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Gunnar Garbo var redaktør i Nidaros.
Gunnar Garbo var redaktør i Nidaros fra 1954 til den gikk inn. Han kom fra stillingen som journalist i Bergens Tidende. Han ble valgt til stortingsrepresentant fra Hordaland i 1957 og ble seinere formann i Venstre og en ledende norsk politiker gjennom 1960-åra. Garbo har skrevet en rekke bøker, særlig om utenrikspolitiske emner.
Gunnar Garbo var redaktør i Nidaros.
Norsk presses historie.

Avisa Nidaros i Trondheim var i sine glansdagar ei levande og populær avis, med nokre av dei fremste forfattarane i Noreg som bidragsytarar. Fram til jubileumsåret 1930 var avisa den største i Trondheim gjennom mange år, med eit opplag på mellom 20 000 og 30 000. Dette var også ei leiande venstreavis, som raskt blei ein opplagssuksess.

Nidaros blei skapt i strid i 1902 og tona ut i 1957, som taparen etter fire års stans under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen. Dette kom på toppen av tilbakeslaget etter striden om namnet på byen i 1929. Avisa heldt på Nidaros-namnet, noko som utløyste ein total annonseboikott i 1929. I tillegg kom det mange oppseiingar av abonnement, noko som skapte ei krise avisa aldri heilt kom seg ut av. Redaksjonen blei òg utsett for hærverk.

Avisa fekk i 1920-åra ein konkurrent i Adresseavisen om marknaden for morgonaviser. Under andre verdskrigen heldt Adresseavisen fram med å kome ut og styrkte posisjonen sin ytterlegare, og Nidaros måtte gi opp drifta fyrste gong i 1957.

Grunnleggaren

Avisgutt i Nidaros.
Avisgutter kunne jo også reklamere gjennom lue, uniform og veske. Her er Nidaros sin gutt tidlig på 1950-tallet, etter idé av redaktør Gunnar Garbo, med rød uniform og ny logo tegnet av Per Leistad, som da var journalistlæring i avisen.
Avisgutt i Nidaros.
Norsk presses historie.

Det var den erfarne avismannen og engasjerte politikaren Håkon Løken som etablerte avisa i 1902. Han var utdanna jurist, men hadde 20 år bak seg som medarbeidar og redaktør i Dagsposten i Trondheim då han hamna i strid med eigarane av avisa. Konflikten enda med at Løken forlét Dagsposten og danna venstreavisa Nidaros. Namnet blei valt etter ein konkurranse mellom lesarane. Storparten av medarbeidarane i Dagsposten blei med over i den nye avisa.

Redaktør Løken kasta seg ut i dei politiske stridane både lokalt og nasjonalt. Han engasjerte sin gode ven Bjørnstjerne Bjørnson, kjempa for den tekniske høgskulen til Trondheim, for elektrifiseringa av sporvegane i byen, og var for åttetimarsdag og imot unionen med Sverige. Avisa var i utprega grad eit personleg og privat føretak, og Løken fekk inn i statuttane at han sjølv ikkje kunne avsetjast.

Vekeavis

Avisa gav god plass til underhaldningsstoff, sport og kultur. Nidaros fekk braksuksess med Johan Falkbergets Bør Børson, som gjekk som føljetong etter første verdskrigen. Andre kjende journalistar i avisa var Halldis Stenhamar og forfattaren Peter Egge. Løken gjekk av i 1909, og mellom dei seinare redaktørane i avisa var Olav Røgeberg og Kåre Fasting.

Gunnar Garbo blei den siste redaktøren i dagsavisa Nidaros. Han begynte å gi ut ei vekeavis, Søndags-Ekspressen, og med varierande suksess kom denne avisa ut éin og to gonger i veka fram til 1991, dels under namnet Nidaros. Frå 1980 kom ho ut to gonger kvar veke og frå 1987 tre gonger kvar veke. Etter konkurs i 1988 blei avisa reetablert under namnet Trondheimsavisa. Den blei igjen nedlagt i 1991.

Opplag

År Opplag
1920 17 000
1932 14 000

Fakta

  • Fyrste nummer 1. mai 1902 – Foreløpig siste nummer 17. april 1941.
  • Fyrste nummer etter andre verdskrigen: 14. mai 1945.
  • Siste nummer 28. januar 1957.
  • Fra 28.2.1959 kom Nidaros igjen ut og skiftet navn til Trondheimsavisa 24.2.1989, konkurs 1991.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Christiansen, Per og Hansen, Hermann (red.) (2001): – i tida : Trondhjems Journalistforening 1902–2002. Trondheim
  • Hansen, Hermann og Orset, Per Kristian (1985): Mellom linjene : Trondheimsavisene under krigen. Trondheim

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg