Nidar

Artikkelstart

Nidar kan vere eit nylaga mannsnamn (1891) med Nid-, frå til dømes Nidolf, og den vanlege endinga -ar.

Nidar kan også sjåast i samanheng med namnestriden i Trondheim i mellomkrigstida (Nidaros, Trondhjem og Trondheim). Tilhengarar av bynamnet Nidaros kunne under namnestriden gi sonen namnet Nidar.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Nidar Selvik fødd 1891 i Klinga (Nord-Trøndelag).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Nidar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg