Faktaboks

Uttale

h'ærøy eller h'ørei

Administrasjonssenter
Fosnavåg
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
8 968 (2023)
Landareal
118 km²
Høgaste fjell
Sollia (661 moh.)
Innbyggjarnamn
herøyværing
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Herøy (på Sunnmøre) kommune i Møre og Romsdal
Herøy (på Sunnmøre) kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Herøy (på Sunnmøre) kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Herøy

Herøy i Møre og Romsdal. Frå øya Runde. Utsikt mot Runde fyr med Skarveura i framgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Herøy er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke, på øyar ut mot havet mellom Ålesund og Stad.

Den nordaustlege delen av Gurskøya utgjer godt over halvparten av landsarealet i kommunen (68,5 km2 på Herøy sin del). Resten av øyane, Sørøyane, ligg på nordsida av Herøyfjorden. Størst av desse er Leinøya (14,4 km2) og Bergsøya (7,6 km2). Vest for desse og lengst ut mot havet ligg Nerlandsøya (14,6 km2) og Skorpa (2,8 km2), og i nord Remøya (3,6 km2) og Runde (6,2 km2). I Herøyfjorden, mellom Gurskøya og resten av øyane, ligg ei rekkje mindre øyar, blant dei Herøya (0,2 km2), Nautøya (0,7 km2) og dei ubebodde Flåværøyane (0,3 km2).

Herøy vart oppretta som kommune 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå Herøy vart Sande skilt ut 1867. Seinare vart mindre område av Sande innlemma i Herøy igjen (1873 og 1889). Dei noverande grensene sine fekk Herøy i 1964, då to område vart skilde ut frå kommunen: Eiksundområdet på Hareidlandet med øya Eika gjekk til Ulstein, og Gurskedalen på Gurskøya til Sande.

Herøy grensar i sørvest på Gurskøya til Sande. I aust går grensene i Rundafjorden mellom øyane i Herøy og Hareidlandet, under dette det ureine farvatnet sørover herfrå, og i Rovdefjorden søraust for Gurskøya.

Natur

Berggrunnen er i heile kommunen av grunnfjellsalder, men vart til dels sterkt påverka i kaledonsk tid. Gneis er dominerande bergart, men stadvis kan ein finne marmor, mellom anna søraust på Gurskøya. Landskapet vekslar mellom myrlendte flater og skoglause, temmeleg nakne åsar og fjell. Høgaste topp er Sollia (660 meter over havet) på grensa mot Sande på Gurskøya. På resten av øyane når Keipen på Skorpa og Storevarden på Nerlandsøya høgast med høvesvis 431 og 430 meter over havet.

Farvatnet i Herøy er mange stader svært ureint og det er fleire kraftige fyr: Svinøy lengst vest, Runde i nord, Grasøyane i Rundafjorden i nordaust og Flåvær i Herøyfjorden mellom Gurskøya og Bergsøya. Runde er kjent for dei eiendommelege geologiske formasjonane sine med djupe hol og «strandpilarar», det vil seie steinsøyler som står rett opp av havet. Vidare er Runde kjent for sitt rike fugleliv, der over 240 artar er observerte. Kommunen har òg tre fuglefredingsområde, mellom anna Rundebranden i vest, som er Noreg sitt sørlegaste og største fuglefjell. Dette er det første fuglefjellet med merka ruter for turistar og tilvisingsskilt til veleigna utkikksplassar.

Busetnad

Då kommunen vart oppretta i 1837 var folketalet det tredje største blant Sunnmørskommunane, etter dåverande Borgund og Volda (vel 3100 innbyggjarar etter dåverande grenser). I 1890 var folketalet òg vel 3100, men då utan Sande, og 1930 hadde det auka til noko over 5000. Veksten har halde fram også i etterkrigstida, og etter dagens grenser låg folketalet i 2015 om lag 50 prosent over nivået ved slutten av andre verdskrigen. I tiårsperioden 2005–2015 auka folketalet til kommunen med i gjennomsnitt 0,6 prosent årleg, mot 0,8 prosent i fylket samla sett.

Busetjinga ligg hovudsakleg langs strendene, der ho stadvis er svært tett. Bergsøya har tettast busetjing, og har 40 prosent av folkemengda til kommunen, medan Sørøyane til saman har 72 prosent. Resten av befolkninga i kommunen bur på Gurskøya.

Tettstaden og administrasjonssenteret Fosnavåg (3524 innbyggjarar 2023) ligg på Bergsøya, dels òg Leinøya (Leinstrand). På Gurskøya ligg fire tettstader (folketal 2023): Moltustranda (444), og Dragsund (410 til dels og i Ulstein). På Remøya ligg tettstaden Remøy (347 innbyggjarar) og på Nerlandsøya Kvalsund (582 innbyggjarar). I alt bor 70 prosent av Herøy si befolkning i tettbygde områder kommunen mot 73 prosent i fylket samla sett (2020).

Kart over Herøy (på Sunnmøre) kommune
Kart over Herøy (på Sunnmøre) kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Herøy har eit variert næringsliv. Den er den viktigaste fiskerikommunen i fylket etter fangstverdien til den heimehøyrande flåten, med ein førstehandsverdi på 925 millionar kroner for ilandført fisk og skaldyr i 2013, for ein stor del fiska i fjerne farvatn. Ein svært stor del av fangsten blir likevel ilandført utanfor kommunen. Kommunen har likevel atskilleg fiskeforedling og fleire fiskeoppdrettsanlegg.

Jordbruksarealet i Herøy er relativt lite, med små bruk som ofte blir drivne i kombinasjon med andre yrke. Jordbruket blir heilt dominert av husdyrhald, med høns, sau og storfe. I alt ni prosent av Herøy sine arbeidsplassar var i 2020 del av primærnæringane.

Industrien i Herøy har 13 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 22 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Den er i stor grad knytt til offshoreverksemd og sjøfart/fiske. Såleis har verkstadsindustrien halvparten av dei sysselsette i industrien, særleg bygging av skip og boreplattformer, maskin- og metallvareindustri, medan næringsmiddelindustrien har 43 prosent (2020).

Eit anna sentralt trekk ved næringslivet til kommunen er den høge delen sysselsett i finansverksemd/forretningsmessig og privat tenesteyting (9 prosent i 2020). Av kommunane i fylket hadde berre Ålesund ein høgare del dette året.

Av dei busette yrkestakarane i Herøy har 27 prosent arbeid utanfor kommunen, i alt 13 prosent i dei to nabokommunane Ulstein og Sande og to prosent i både Ålesund, Ørsta/Volda og Hareid (2020).

I Fosnavåg kjem ut lokalavisa Vestlandsnytt to gonger i veka.

Samferdsel

Fv. 61 går frå Gurskøya med ferjesamband sørover til Rv. 15 i Nordfjord og nordover med bru til Hareidlandet, deretter ferje Hareid– Sulesund til Sula og Ålesund. Vegnettet innad i kommunen er godt utbygd, og Gurskøya, Leinøya, Bergsøya, Nerlandsøya, Remøya og Runde er knytt saman med bruer. Hurtigruta og Kystruta har dagleg avgang og ankomst i Torvika på Bølandet.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Fosnavåg ligg Herøy vidaregåande skule.

Herøy høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd saman med Fjord, Giske, Haram, Hareid, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta og Ålesund.

Herøy kommune svarer til dei tre sokna Herøy, Indre Herøy og Leikanger i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Herøy til Søndmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Herøy

For statistiske formål er Herøy kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 29 grunnkrinsar:

  • Ytre Herøy 1: Kvalsvik, Skorpa, Kopparstad, Kvalsund, Igesund, Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg, Nørvåg, Eggesbønes, Myklebustvatnet, Straumane, Elsebø, Flusund, Gjertnes
  • Ytre Herøy 2: Runde, Sævik, Remøy, Voldsund, Leinebygda, Bø, Frøystad
  • Indre Herøy: Moltustranda sentrum, Austre Moltustranda, Stokksund, Tjørvåg, Aurvåg, Dragsund, Leikong, Jøsok

Historikk og kultur

Utanfor Runde gjekk båten Akerendam ned i 1725, med store pengesummar om bord. I 1972 fann dykkarar vraket og tok opp rundt 57 000 gull- og sølvmyntar. Dette blir oftast kalla Rundefunnet. Funngjenstandane av kvalsundskipa frå 600-talet som vart funne på Nerlandsøya i 1920, er no på Historisk Museum i Bergen, kopier av båtane er utstilte på Sunnmøre Museum i Ålesund.

Fleire gamle handelsstader i kommunen er tekne vare på, og Herøy kystmuseum, som er ein del av stiftinga Sunnmøre museum, held til på ein av dei. Kvar sommar vert Herøyspelet «Kongens ring» framført i Herøy amfi, og har utgangspunkt i møtet mellom Olav Haraldsson og Møre-Karl i 1027. Spelet, som første gongen vart vist i 1992, er skrive av Rolf Losnegård. Herøy kystmuseum har òg ein rekonstruksjon av Sunnmørsjekta.

Vestlandsnytt vert redigert frå Fosnavåg og er lokalavis for Herøy og Sande. Avisa vart grunnlagt i 1936 og er redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har to motstilte skipsstamnar i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette viser til funnet av Kvalsundskipene frå 600-talet.

Kommunen har namn etter Herøya, ei lita øy i Herøyfjorden mellom Gurskøya og Leinøya. Første ledd kjem truleg av norrønt herr, truleg med tydinga skipaherr, som viser til slike stader som passande samlingsplass for skipsflåten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rabben, Bjarne: Herøyboka, 1962-89, 4 b. i 8
  • Rabben, Bjarne: Kommunestyring i Herøy : 1837-1987, 1987

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg