Nenny er eit kvinnenamn som kan vere norsk stavemåte basert på engelsk uttale av Nanny. Eit anna døme er Mery av Mary.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Nenny Munthe-Kaas fødd 1850 i Arendal, busett i Barbu (Aust-Agder) i 1900. Ho var døypt Antoinette, og det er usikkert når forma Nenny vart tatt i bruk på henne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Nenny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg