Nemine er eit kvinnenamn som kan ha fungert som oppkallingsnamn av Nils.

Nemine har særleg vore brukt i Vesterålen. Dei sju fyrste med dette namnet var fødde der midt på 1800-talet. Fire av desse hadde ein far eller bestefar som heitte Nils. I dette området har forbokstavoppkalling vore vanleg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Nemine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Nemine i perioden 1900–2017, var det 83 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Nemine. Dette inneber at 17 prosent hadde Nemine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg