Faktaboks

Nazım Hikmet
Uttale

nazem

Fødd
1902
Død
1963
Nazım Hikmet
Nazım Hikmet
Av /𝒲.

Nazım Hikmet, tyrkisk forfattar. Etter studium i Moskva vende han 1924 heim til Tyrkia som kommunist og vart fengsla for den politiske aktiviteten sin. I 1930- og 1940-åra skreiv han eit tjuetals filmmanus, dei fleste under pseudonymet Mümtaz Osman. Han dro 1951 igjen til Sovjetunionen, der han budde til han døydde.

Hikmets prosaarbeid og særleg skodespela er prega av sosial agitasjon, men som lyrikar er han blant dei fremste på 1900-talet. Han braut her heilt med den litterære tradisjonen i heimlandet. Sterkt påverka av den russiske lyrikaren Majakovskij utvikla han ein modernistisk, men samtidig episk stil. Språket hans er fullt av kraftige bilde og nyanserte ordval. Det som dominerer alle Hikmets dikt, er livet og sorgene til vanlege folk og ei intens natur- og nasjonalkjensle.

Hovudverket blant diktsamlingane er Memleket Manzaraları 'Portrett av menneske frå mitt land'. For seg sjølv står Rubailer, ei samling kjærleiksdikt til kona, i klassisk persisk versemål, aruz-form.

I etterkrigstida var bøkene hans forbodne i Tyrkia i lange periodar. Eit utval av dikta hans finst i den norske gjendiktninga Jeg har levd som et menneske på jorden (1990) av Johanna Schwarz. Mange av verka hans er blitt filmatiserte.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg