Faktaboks

Nautgardstinden
Region
Innlandet
Høgd
2258
Førstebestigning
1827

Nautgardstinden er eit fjell i Jotunheimen, på grensa mellom Vågå og Lom kommunar, 2258 meter over havet. Nautgardstinden er blant dei austlegaste av de høge toppane i Jotunheimen. Han er lett å nå, og frå toppen er det eit storslått utsyn over store delar av dette fjellområdet. I nordvest ligg Nautgardsbrean.

Den første bymannen som gjekk til topps på Nautgardstinden, var ingeniøroffiseren Theodor Christian Broch, i 1827.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Nautgardstinden
Nautgardstinden
Av /Statens kartverk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg