Natali er eit kvinnenamn som kjem av det latinske (dies) natalis som tyder ‘fødselsdag’, særleg brukt om Jesu fødselsdag (1. juledag). Natali kan vere norsk stavemåte av det franske Nathalie. Endinga [-e] blir ikkje uttalt i fransk.

Namnet har fleire variantar: Natali, Natalia, Natalie, Nathali, Nathalia, Nathalie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Natali som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg