Nanfrid er eit nylaga kvinnenamn (1900): Nan-frid.

Litt før namnet vart laga, hadde Nansen i 1896 komme velberga tilbake frå ferda si mot Nordpolen, og Nan- og -frid (jamfør Frid-tjof Nan-sen) kan kanskje tolkast som inspirert av polarfararen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Nanfrid Storeng fødd 1900 i Tynset. I Nord-Østerdalen var det som på andre stader i Noreg stor entusiasme for Nansen rundt år 1900, og eit idrettslag i Os (litt nord for Tynset) fekk namnet Nansen. Den mest kjente idrettsutøvaren i det laget er Therese Johaug.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Nanfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg