Faktaboks

Nadia Murad

Nadia Murad Basee Taha

Fødd
1993, Kojo, Sinjar, Irak
Nadia Murad

Nadia Murad er en jesidisk-irakisk menneskerettighetsaktivist som mottok Nobels fredspris i 2018.

Av /EPA.
Nadia Murad
Nadia Murad vitnet for FNs sikkerhetsråd i 2015 om jesidienes situasjon i Irak.
Av /UN Photo.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Nadia Murad er ein irakisk menneskerettsaktivist som i 2018 vart tildelt Nobels fredspris for sin «kamp mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar».

Bakgrunn

Nadia Murad er fødd i landsbyen Kojo i Sinjar i Irak. Familien Murad høyrer til den etnisk-religiøse minoriteten jesidiar, som lev i dei kurdiske områda i Midtausten. Jesidiane har i lang tid vore ei utsett og undertrykt gruppe, og Den islamske staten (IS) utførte i 2014 etnisk reinsking mot folkegruppa. Murad nyttar eigne erfaringar i arbeidet sitt mot menneskehandel og folkemord.

I august 2014 gjekk IS til åtak mot landsbyane i Sinjar-området. Fleire tusen menneske vart drepne eller tekne til fange. Murad miste mor si og seks brør i åtaket, medan ho sjølv og to søstrer vart kidnappa av soldatane. Dei vart tvinga til å konvertere til islam og vart utsette for tortur og valdtekter. Murad vart heldt som slave av IS i tre månader før ho greidde å rømme.

Menneskerettsarbeidet

Etter fangenskapet flykta ho til Tyskland, der ho har vore busett sidan. Herfrå har ho vore den fremste talspersonen for kvinner utsette for seksualisert vald av IS. I 2016 blei Murad utnemnt til FN sin fyrste goodwillambassadør for overlevande av menneskehandel.

Murad har sidan kjempa mot seksuelle overgrep som våpen i krig, mot menneskehandel og folkemord, og ho fortel verda om IS sine overgrep mot jesidiane. Ho har mellom anna fortalt historia si i Tryggingsrådet i FN, med krav om at seksualisert vald i krig må reknast som krigsbrotsverk som må forfølgjast rettsleg. Ho arbeider òg for å få sett fri tusenvis av jesidiar som framleis er i fangenskap. Murad har starta ein organisasjon for å byggje opp att heimar i Sinjar, slik at dei som er på flukt kan få vende attende.

Utgjevingar

I 2017 gav ho ut boka Den siste jenta. Historien om mitt fangenskap og min kamp mot Den islamske staten (norsk oversetjing i 2018). Her held ho fram med arbeidet for å stille IS til ansvar for handlingane sine. Gjennom sterke skildringar syner ho mot, kampvilje og eit sterkt ønske om rettferd.

Utmerkingar

I 2016 fekk Murad saman med vennen Lamia Haji Bashar tildelt EU sin Sakharov-pris for tankefridom og Europarådet sin Václav Havel-pris for menneskerettar. I 2018 delte ho Nobels fredspris med den kongolesiske legen Denis Mukwege.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Murad, Nadia (2018). Den siste jenta: Historien om mitt fangenskap og min kamp mot Den islamske staten. Cappelen Damm.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg