Næring og virke i Det gamle Egypt

Jordbruket har til alle tider vert den største og viktigaste næringsvegen i Egypt. Lenge var Egypt dessutan kornkammer for store delar av områda kring Middelhavet. Det var i all hovudsak eliten som stod for administrasjon og drift, samt nytte fruktene av overflod, medan folk flest var leiglendingar som jobba hardt for maten.

Den smale, men fruktbare stripa av land på kvar side av Nilen gav grunnlag for eit rikt jordbruk, og var svært veleigna for busetting. I skarp kontrast til den fruktbare dalen stod den tørre og vêrharde ørkenen vest og aust for Nilen.

Nilen var sjølve livsgrunnlaget i det gamle Egypt, og den egyptiske kalenderen var naturleg nok inndelt i tre årstider i tråd med den årlige jordbrukssyklusen: overfløyming, vekstperiode, og innhausting. Overfløyminga fann stad mellom september og desember, vekstperioden var mellom januar og april, medan innhaustinga fann stad mellom mai og august. Gjennom denne syklusen er det ikkje vankeleg å forstå korleis bonden sitt arbeid var fordelt. Avlingane vart oppbevart i store statlege magasin som gjorde faren for svoltkatastrofar mindre.

Ved sida av dyrking av kveite og bygg til brødbaking og ølbrygging, produserte bøndene mange ulike frukt- og grønsakstypar. Fiken og dadlar, samt purre, lauk, salat, melon, agurk og bønner var dei viktigaste. Det vart produsert olje av forskjellige plantar. Dei hadde husdyr som kyr, svin, sauer og geiter, dreiv fiske, jakta på fugl, og anna vilt, som antilope, steinbukk, struts og hare i dalføra. Honningproduksjon var vanlig.

Dessutan må distribusjon av tømmer og anna brennbart materiale ha vore viktige næringar: tømmer som reisverk, og anna brennbart materiale som varmekjelde ved produksjon av keramikk og metallgjenstandar. Lokale tresortar som palmetre, morbærfiken, akasie og tamarisk vart utnytta maksimalt, men desse trea er relativt små og eignar seg ikkje spesielt bra til tømmerproduksjon. Til større byggjeprosjekt importerte ein difor sedertre frå Libanon.

Papyrus vart først og fremst dyrka i Deltaet, og vart brukt til ei rekkje formål. Produksjonen av «papyruspapir» var spesielt viktig for utviklinga av eit avansert statsapparat.

Alle desse produkta hadde sine særskilde skattesatsar som vart innkravd av utnemnde oppsynsmenn. Bakgrunnen for skatteoppkrevjinga var at alt i heile Egypt var farao sin eigedom. Kongen fordelte drifta av eigedomane, underlagt den sterkt sentraliserte statsadministrasjonen, blant tempel og sine mest trufaste embetsmenn. Dessutan vart det vanleg at soldatar, under Det nye riket, fekk jord vedavslutta militærteneste. Jorda var inndelt i forvaltingseiningar, kor kvar eining utgjorde landsbyar med tilliggjande jordbruksanlegg underlagt ein overoppsynsmann (Strauss-Seeber 1997). Dei som ikkje betalte skatt kunne vente seg streng straff.

Det var i dei fleste tidsperiodar vanlig at son følgde i sin fars fotspor, og på same måte unne yrke gå frå mor til dotter. Slik kunne einskilde familiegrupper ikkje berre utvikle spesialkompetanse på einskilde fagområde, men også få tilnærma monopol på dei.

Under det nye riket (ca. 1550 - 1069 fvt.) var det tilløp til profesjonalisering av fleire yrkesgrupper, blant anna innan byråkrati og tempelvirke, som utgjorde dei største yrkesgruppene (forutan landbruk). Slik utvikla det seg eit prinsipp om kvalifikasjonar og dugleikar, framfor familietilknyting og kontaktar.

Dei store statsprosjekta vart utført på dugnad, ved såkalla corvé-arbeid. Dette innebar at vanlige folk vart innkalla til rullerande (tidsavgrensa) pliktarbeid når staten fann det turvande. Militærteneste, gruvedrift og diverse byggjeprosjekt var dei mest vanlige formene for pliktarbeid. Dette var hardt arbeid, og det er ikkje å leggje skjul på at unnasluntring vart straffa hardt. Dei fleste tilfella viser at pliktarbeid vart lagt til årstider kor bøndene ikkje var opptatt med dyrking og innhausting.

Når det gjeld gruvedrift, var ørkenområda kring Egypt rike på mineral og metall. I den austlege ørkenen fantes karneol, granat, jaspis, bergkrystall, amazonitt, gull, sølv og koppar. Det fantes også granitt, basalt, dioritt, doleritt, alabast, serpentin og steatitt. Landet var rikt på kalk- og sandstein. Dette gjaldt også natron, salt og soda. Alle med diverse bruksområde.

Kemp, Barry J., (2006). Ancient Egypt: Anatomy of a Civilization. 2 ed. London: Routledge.

Meskell, Lynn, (2002). Private life in New Kingdom Egypt. Princeton, N.J.: Princeton University Press.

Strauss-Seeber, Christine, (1997) Nilens gaver - jordbruk i en elveoase. InEgypt: Faraoenes verden, edited by R. Schultz and M. Seidel, Köln: Könemann Verlagsgesellschaft mbH.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.