Faktaboks

Innbyggjartal
7515 (SSB, 2023)
Landareal
3,1 km²
Tettstadsnummer
4571 Nærbø
Nærbø nye kyrkje.
Nærbø nye kyrkje.

Nærbø er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,1 km², og har 7515 innbyggjarar (2023).

Nærbø ligg ved Nærbø stasjon på Sørlandsbanen, 38 km sør for Stavanger. Nærbø tettstad har hatt stor vekst i folketalet heilt sidan andre verdskrigen, i perioden 1950–2017 gjennomsnittleg 3,1 prosent i året.

Tettstaden har mykje industri, særleg næringsmiddelindustri med mellom anna meieri (Tine Meieriet Jæren) og fjørfeslakteri med eggpakkeri (Nortura Hå); likeins har staden omfattande verkstadsindustri, særleg jern- og metallvare- og maskinindustri. Mykje av denne industrien er gamal og var knytt til maskiner og utstyr for landbruket. Nærbø er elles eit stort handelssenter.

I utkanten av tettstaden ligg Jærmuseet Kvia med kunnskapssenter og museumsgard, og her ligg hovudkontoret til Jærmuseet, regionmuseum for alle jærkommunene med unntak for Stavanger. Her ligg òg Tryggheim vidaregåande skule (Norsk Luthersk Misjonssamband). Like søraust for tettstaden ligg Åna fengsel (tidlegare Oppstad arbeidshus) med eit av dei største gardsbruka i landet.

Namnet er laga i 1830-åra då kyrkjene på gardane Bø og Njærheim vart riven, sokna slått saman og ei ny kyrkje bygd, sjå Nærbø tidligere kommune. Nærbø nye kyrkje er oppført i betong og ble vigslet i 2005. Den har altertavle og utsmykning av Gunnar Torvund.

Kart

Nærbø
Nærbø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg