Möðruvallabók

Möðruvallabók er eit islandsk handskrift som inneheld teksten til elleve islendingesoger, til dømes Njålssoga og Egilssoga. Möðruvallabók er den største og viktigaste kjelda til islendingesogene og er eit av dei mest berømte islandske handskriftene frå mellomalderen.

Faktaboks

Uttale
mˈöðruv'atlab'åok
Også kjend som

AM 132 fol.

Handskriftet

Möðruvallabók har arkivsignaturen AM 132 fol. og er no oppbevart ved Det arnamagnæanske instituttet i Reykjavík. Det er eit skinnhandskrift med 200 blad (400 sider).

Handskriftet er skrive av tre ukjente skrivarar i tida 1330–1370, truleg på Möðruvellir i Eyjafjörður på Nord-Island.

Den fyrste kjente eigaren av handskriftet er Magnús Björnsson, lagmann på Munkaþverá. Han skreiv namnet sitt i handskriftet i «den store badstua på Möðruvellir» i 1628. Sonen hans, sysselmannen Björn Magnússon, gav handskriftet til Thomas Bartholin i 1684, og det kom slik til Danmark. Bartholin gav det vidare til Árni Magnússon i 1691. Handskriftet var i Den Arnamagnæanske Samling i København fram til 1974, då det vart returnert til Island og innlemma i handskriftsamlinga ved Det arnamagnæanske instituttet i Reykjavík.

Handskriftet har fått namn i nyare tid etter staden der ein trur det er skrive. Möðruvellir var storgard og hovdingsete på Island i mellomalderen, og det var augustinarkloster der.

Innhald

Möðruvallabók inneheld desse sogene:

Alle sogene er omsette til norsk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Jørgensen, Jon Gunnar og Jan Ragnar Hagland (red.) 2014: Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter. 5 band. Reykjavík: Saga.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg