Mostraspelet er eit sogespel med tittelen "I ei slik natt", skrive av Svein Tindberg. Musikken til spelet er komponert av Kjetil Bjerkestrand. Spelet er regissert av Ivar Tindberg. Sogespelet "I ei slik natt" hadde urpremiere i 2016.

Sogespelet «Kristkongane på Moster» skrive av Johannes Heggland med musikk av Kjell Habbestad. Spelet var sett opp første gong i 1984 i Moster Amfi på Bømlo. Amfiet er teikna av Snorre Tindberg, far til Svein Tindberg, som hadde regien på spelet 2005–2010. Karina Opdal hadde regi på spelet 2011-2015. Sogespelet har med unntak av 2014 vorte sett opp kvar sommar sidan. Det er eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Bømloteateret har ansvaret for produksjonen saman med Bømlo kommune. Sogespelet blei satt opp att i 2015.

Mostraspelet skildrar den dramatiske brytningstida mellom den norrøne trua og kristendommen i tidsrommet mellom 995, då Olav Tryggvason kjem heim for å krevja kongsarven sin og innføra kristendomen, og 1024 då Olav Haraldson fekk kristenretten vedteken på Mostratinget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg