Morgan

Artikkelstart

Morgan er eit walisisk mannsnamn av gammalwalisisk Mor-cant. Forleddet tyder ‘hav’ og etterleddet ‘sirkel’.

Namnedag er 8. desember. Marion og Marlene har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Morgan

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Morgan Corneliusen fødd 1896 i Høvåg (Aust-Agder), busett i Vestre Moland i 1900.

Kulturell bruk

  • Bøkene om Morgan Kane (1966–1985) av Louis Masterson, pseudonym for Kjell Halbing (1934–2004). Desse bøkene er selde i ca. 6,5 millionar eksemplar.

Kjende personar med namnet Morgan

Eit utval personar med namnet Morgan, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 770 menn (fødde i Noreg) som hadde Morgan som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg