Mons Breidvik

Faktaboks

Mons Breidvik
Født
15. januar 1881, Brekke i Sogn
Død
15. august 1950, Kvam i Hardanger

Mons Breidvik (bokomslag). Arne Garborg 70 aar. 1921.

Bokomslag av Mons Breidvik
Av /Mats Linder.

Artikkelstart

Mons Breidvik var ein norsk teiknar, målar og bokkunstnar. Han var mykje omtykt for stødige portrett og kjenslevare teikningar av badande småbarn. Dei største utsmykkingsarbeida utførte Breidvik i USA.

Bakgrunn

Breidvik var fødd i Brekke i Sogn (no Gulen i Vestland) og døydde i Kvam i Hardanger. Som odelsgut sa frå seg garden og søkte kunstnarvegen, inspirert mellom anna av Harriet Backer, men mest av Erik Werenskiold. Han gjekk i lære under både Backer og Werenskiold, i tillegg til kunststudium i Tyskland og Italia.

Kunsten

Breidvik vart ein mykje nytta portrettkunstnar. Velkjend vart han òg for dei yndefulle barnemotiva sine, vidt spreidde i grafisk form. Breidvik var sterkt opptatt av å fremje norskdom i kunst og handverk, klesdrakt, byggeskikk og husbunad. Han illustrerte ei rad bøker og stimulerte kuntnarlege behov hos barn gjennom teikningar i barneblad.

Han debuterte på Haustutstillinga i 1915 og deltok der til saman elleve gonger. Frå 1925 til 1936 var han busett i USA og utsmykka mellom anna skular og kyrkjer. Han er innkjøpt av fleire kunstmuseum, mellom anna Metropolitan Museum of Art i New York og Nasjonalmuseet i Oslo.

Medan han var busett i New York leverte han omfattande kyrkjeprydnad i Grace Episcopal Church og utsmykking i Straubenmuller Textile High School. Breidvik hevda sterkt Vestlandet sin plass i norsk kunstliv og heldt tidleg fram kravet om eit eige vestnorsk kunstakademi som motvekt til akademiet i Oslo. Vestlandets Kunstakademi (no Universitetet i Bergen), vart skipa i 1973.

Breidvik har måla fleire ungdomslagsfaner, blant anna fana til BUL Ervingen frå 1914 (der hakekrossen var måla på baksida, men seinare til- dekka) og fanene til Heggelandsdalen Ul, Sognalaget i Bergen (den gamle) og Hafslo Ul.

Teikning av Mons Breidvik: Portrett av kunstnaren Nikolai Astrup, teikna på Sandalstrand 1921 (litografi 1924).
Av /Nasjonalbiblioteket.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Idsø, Liv Marit og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015.
  • Storaas, Reidar (2.oppl. 2011). Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Selja Forlag.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg