Mons

Mons er eit mannsnamn som er norsk form av Magnus. Svensk har Måns og dansk Mogens av dette namnet. Mons har vore brukt i Noreg sidan 1400-talet.

Ei litt nedsetjande tyding har vi i ordet matmons og dessutan i det svenske tråkmåns som tyder ‘keisam person’. Ordet mons er også brukt om hannkatt.

Namnedag er 16. april. Magnus og Mohammad har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mons

Eit utval personar med namnet Mons, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 920 menn (fødde i Noreg) som hadde Mons som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg