Molde Annonceblad blei etablert i Molde i 1893. Ludvig M. Eeg var fyrste redaktør (til 1912) og utgjevar (til 1918). Byen hadde då to aviser: Romsdals Budstikke og Romsdals Tidende, som representerte høvesvis Venstre og Høgre. Men Molde Annonceblad skulle ikkje vere noko partiorgan og plasserte seg heller i tradisjonen av «adresseaviser». I ein eigenannonse i 1894 blei det uttrykkjeleg slått fast at avisa «agter ikke at indtage noget afgjort politisk Standpunkt».
Det redaksjonelle innhaldet var stort sett som det ein kunne finne i an- dre aviser på den tida, med nyheiter, politiske saker, artiklar om ulike emne, samt underhaldningsstoff. Dette hindra ikkje at avisa profilerte seg på visse saker. Heilt frå starten av var ho ein varm tilhengjar av avhaldssaka; ho skulle verke til «fremme af Ædruelighed blandt vore Folk». Vidare var det tydeleg at bøndene i regionen var ei viktig målgruppe. Avisa hadde ein god del landbruksstoff, gjerne under vignetten «Landbrugstidende». I 1896 opp- gav avisa eit opplagstal på 630 og framheva seg sjølv som både «Amtets billigste Blad» og eit «meget fordelagtigt Avertissementsblad».
I det nye hundreåret heldt avisa fram med å støtte avhaldssaka, og ho blei etter kvart organ for Frisindede Venstre. I 1920 kom det inn nye ei- garar som (re)lanserte avisa som organ for avholdsbevegelsen og partiet Venstre.
«Bygde-Venstre» og Landmandsforbundet avisa støtta, medan den største konkurrenten, Romsdals Budstikke, representerte «By-Venstre» og dermed blei upopulær ute i Romsdals-bygdene.
Bøndene i regionen prøvde først å kjøpe opp Molde Annonceblad, men lukkast ikkje i første omgang. Men då bøndene i 1927 starta avisa Fylket, varte det ikkje meir enn vel eitt år før Molde Annonceblad blei slukt av den nye avisa. «Annoncebladet» kom ut med sitt siste nummer den 31. oktober 1928. Frå då av var ho ein periode undertittel for den nye «bondeavisa» Fylket.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.