Mo er ein tidlegare kommune i Telemark, som i 1964 vart slått saman med tidlegare Lårdal kommune til Tokke kommune. Mo utgjer den vestre delen av kommunen med kommunesenteret Dalen. Det meste av busetnaden for øvrig ligg i dalføret til elva Tokke med sideelva Rukkeåi. Lengst nord, opp frå Byrtevatnet, ligg åsbygda Byrte med stølsdalen Byrtedalen. Til Mo kommune hørte også bygda Skafså, som ligg opp frå Dalen på sørsida.

Eidsborg, Mo og Skafså utgjer eitt av sokna i Tokke kommune. Mo kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1839.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg