Mjølkedalsbreen
Mjølkedalsbreen i 2012.

Mjølkedalsbreen er ein isbre sørvest i Jotunheimen. Øvre delen av breen ligg i Luster kommune i Vestland, den nedre i Vang kommune i Innlandet.

Mjølkedalsbreen ligg øvst i Mjølkedalen. Breen demte før opp Øvre Mjølkedalsvatn, men med års mellomrom braut vatnet seg gjennom bretunga og førte til stor flaum i dalen nedanfor.

Som dei andre breane i Jotunheimen har Mjølkedalsbreen negativ massebalanse, med større avsmelting enn pålagring. Brefronten har gått attende 195 meter mellom 2011 og 2022.

Kart

Mjølkedalsbreen
Mjølkedalsbreen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg