Mirjam – og Miriam– er eit hebraisk kvinnenamn med omdiskutert tyding. Den tradisjonelle forklaringa har vore at namnet tyder ‘fyldig; vakker’. Eit nyare framlegg er at namnet går tilbake til eit verb som tyder ‘ønske’ (hebraisk) eller ‘elske’ (egyptisk).

Namnet har fleire variantar: Meriam, Meryem, Miriam, Mirijam, Mirjam, Myriam.

Namnedag er 5. juli. Mina har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mirjam

Eit utval personar med namnet Mirjam, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 488 kvinner i Noreg som hadde Mirjam som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Mirjam frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mirjam frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 2002: [Mirjam] – tjukk og fager, eller elska av Gud? I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg