Faktaboks

Mir Ali Šir Navoi

Oppslagsordet gjengir offisiell uzbekisk skrivemåte. I Tyrkia er skrivemåten Ali Şir Nevai. En tredje vanlig skrivemåte er Alisher Nawayi.

Fødd
9. februar 1441, Herat, Timuridriket (i dagens Afghanistan)
Død
3. januar 1501, Herat
Usbekisk mynt
Navoi blir rekna som Usbekistans nasjonalpoet. Her er han avbilda på ein usbekisk mynt.
Av .

Mir Ali Šir Navoi var ein tyrkisk-språkleg forfattar i Turkestan, no Sentral-Asia, kjend som den største diktaren i den tsjagataityrkiske skriftkulturen, som fanst i dette området frå 1300-talet til 1800-talet.

Navoi levde på 1400-talet og var nær venn av Babur. Navoi har ein rik dikterisk produksjon som ber preg av formtryggleik, fantasi og lyrisk originalitet. I tillegg til tsjagatiisk skreiv han på persisk og arabisk. Hans verknad på tyrkisk litteratur i Sentral-Asia og Anatolia både i samtida og ettertida er betydeleg. I dag blir Navoi rekna som Usbekistans nasjonalpoet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg