Norges første svanemerkede hus
Norges første svanemerkede bolighus ble oppført i Lommedalen i 2007. Leder i Mesterhuskjeden Arne Solheim (f.v.), miljøvernminister Helen Bjørnøy, Hans-Christian Francke fra Solarnor og adm. dir. i Skanska Bolig Pål Tronstad utenfor huset.

Miljøsertifisering er ei formalisert stadfesting av at eit produkt, ei bedrift eller eit prosjekt tilfredsstiller eitt eller fleire klima- eller miljøkrav.

For bygg- og anleggsprosjekt er Breeam, Ceequal og Svanemerket dei tre vanlegaste miljøsertifiseringsordningane i Noreg som også blir sertifiserte av ein uavhengig tredjepart. Dei tre ordningane er i utgangspunktet frivillige, noko som vil seie at dei ikkje er pålagde i lovverk eller forskrifter. Blant grunnane til at bygg- og anleggsprosjekt blir miljøsertifiserte, er til dømes at ei bedrift ønskjer å oppfylle krav i eit anbod, å nå eigne miljømål, å signalisere miljøengasjement eller å vere i forkant av eventuelle framtidige miljøkrav.

Dei siste åra har det vore sterkare søkelys på korleis bygg- og anleggssektoren påverkar klimaet og miljøet. I 2017 stod bygg- og anleggssektoren for 18 prosent av norske klimagassutslepp, eit tal som mellom anna inkluderer utslepp frå produksjon av byggjevarer, energibruk i bygg og utslepp frå byggjeplassar i Noreg. I tillegg kjem utsleppa frå import av varer og tenester til bygg og anlegg, noko som svarer til om lag 60 prosent av utsleppa innanlands. Bygg- og anleggssektoren genererer også 25 prosent av alt avfall i Noreg. For å bøte på den negative påverknaden som denne sektoren har på klimaet og miljøet, har miljøsertifisering av bygg- og anleggsprosjekt blitt stadig meir utbreidd i Noreg dei siste åra.

Miljøsertifisering av byggjeprosjekt

Breeam

Building Research Establishment Environmental Assessment Method (Breeam) er eit system for frivillig miljøsertifisering av byggjeprosjekt. Ordninga blei lansert av det britiske forskingssenteret Building Research Establishment (BRE) i 1990. I Noreg har Grønn byggallianse, ei nonprofit medlemsforeining for bygg- og eigedomssektoren, tilbode og skrive ut Breeam-sertifiseringar sidan 2013.

Det finst fire typar Breeam-sertifiseringar i Noreg. Desse rettar seg mellom anna mot nybygg og større rehabiliteringsprosjekt av bustad- og næringsbygg og dessutan områdeutvikling og tiltak i eksisterande næringsbygg.

Breeam tek utgangspunkt i dei tre hovudprinsippa for berekraftig utvikling: miljømessig, sosial og økonomisk berekraft med ei hovudvekt på miljøomsyn. Prosjekta blir som hovudregel vurderte ut frå eit livsløpsperspektiv, og sertifiseringa tek utgangspunkt i ulike berekraftskategoriar. Breeam-Nor, den mest brukte sertifiseringsordninga, opererer eksempelvis med ni kategoriar, blant dei materiale, arealbruk og økologi, transport, helse og innemiljø. Under kvar kategori finst det tema med tilhøyrande kriterium og poeng. Enkelte av kriteria er karakteriserte som obligatoriske, avhengig av kva sertifiseringsnivå ein ønskjer å oppnå.

Eit Breeam-sertifikat blir skrive ut på fem nivå avhengig av kor mange poeng ein oppnår, med eit stort spenn mellom det lågaste og høgaste nivået. Det er nokså stor fleksibilitet når det gjeld kva tema og kriterium ein ønskjer å prioritere.

For å oppnå Breeam-sertifisering må ein eigen Breeam-assessor bli tilsett i prosjektet. Prosjektet må til slutt også bli verifisert av ein ekstern Breeam-revisor. Både revisorar og assessorar må ha godkjend opplæring av Grønn byggallianse.

Svanemerket

Svanemerket for småhus, leilegheitsbygg, barnehagar og skular er ei frivillig miljøsertifisering av nybygg. Svanemerket har eksistert sidan 2005 og er ei nordisk miljøsertifiseringsordning eller eit miljømerke for ei rekkje produkt som i Noreg blir forvalta av stiftinga Miljømerking (Stiftelsen Miljømerking i Norge).

Svanemerket for nybygg tek utgangspunkt i berekraftsomsyn med hovudvekt på miljø og helse. Det blir mellom anna stilt krav til innemiljø, kjemiske produkt, materiale og energiforbruk i bygga, og prosjekta blir som hovudregel vurderte ut frå eit livsløpsperspektiv. Svanemerket har færre poeng å velje mellom enn Breeam og er litt meir tematisk avgrensa. Breeam premierer eksempelvis nærleik til kollektivtrafikk, medan Svanemerket konsentrerer seg meir om sjølve bygget og miljøpåverknaden til bygget.

Det er ein høgare andel obligatoriske krav i Svanemerket enn i Breeam, og desse er generelt strengare enn for dei lågaste Breeam-nivåa. Det finst ikkje ulike gradar av måloppnåing i sertifiseringa, og Svanemerket fungerer difor som ei anten-eller-vurdering.

Stiftinga Miljømerking krev ikkje ein eigen Svanemerket-assessor i prosjekta, men gjennomfører ei vurdering på grunnlag av innsend dokumentasjon. Stiftinga gjennomfører normalt sett òg ein kontroll på staden før ei eventuell sertifisering blir godkjend.

Stiftinga Miljømerking tilbyr òg ei Svanemerket-sertifisering for rehabilitering av eksisterande bygg, men denne har så langt ikkje vore i bruk i Noreg.

Miljøsertifisering av anleggsprosjekt

Ceequal

The Civil Engineering Environmental Quality Assessment and Award Scheme (Ceequal) er ei frivillig miljøsertifisering av anleggsprosjekt. Ordninga blei lansert i 2003 av britiske Institution of Civil Engineers. Til liks med miljøsertifiseringssystemet Breeam (sjå ovanfor) er Ceequal eigd av britiske Building Research Establishment, og det er Grønn byggallianse som tilbyr og skriv ut Ceequal-sertifiseringar i Noreg.

Breeam og Ceequal har ei liknande oppbygning, og begge sertifiseringsordningane har hovudvekt på miljømessig berekraft. Ceequal opererer med ti ulike berekraftskategoriar, der materialar, klimatilpassing, arealbruk og økologi blir vekta tyngst. Poengtalet blir fordelt mellom byggherren, den prosjekterande og entreprenøren, avhengig av kva som blir etterspurt.

Som i Breeam har kvar berekraftskategori underordna tema med tilhøyrande kriterium og poeng. Eit Ceequal-sertifikat blir skrive ut på fem nivå, med eit stort spenn mellom det lågaste og høgaste nivået. Enkelte kriterium er karakteriserte som obligatoriske, men i Ceequal gjeld desse berre for det øvste sertifiseringsnivået. I Ceequal er det stor fleksibilitet når det gjeld kva tema og kriterium ein ønskjer å prioritere.

For å oppnå Ceequal-sertifisering må ein eigen Ceequal-assessor bli tilsett i prosjektet, og prosjektet må til slutt bli verifisert av ein ekstern Ceequal-revisor. Både revisorar og assessorar må få godkjend opplæring av Grønn byggallianse.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg