Faktaboks

Mikkjel Fønhus
Mikkjel Arneson Fønhus, Mikkel Arnesen Fønhus
Fødd
14. mars 1894, Sør-Aurdal, Oppland
Død
28. oktober 1973, Sør-Aurdal
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Landhandler Arne Mikkelsen Fønhus (1860–1896) og Olava Olsdatter Storsveen (1867–1948).

Gift 1) 23.4.1926 med lærer Helga Karlsgot (1901–1992), datter av Herman Karlsgodt og hustru Geirtrud, ekteskapet oppløst; 2) 1934 med Margrethe Frøshaug (1914–2008), datter av Martin Frøshaug og hustru Ragnhild.

Mikkjel Fønhus

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Mikkjel Fønhus
Av /NTB Scanpix ※.
Mikkjel Fønhus
Mikkjel Fønhus ved bålet i skogen. Mange av hans fortellinger har Vassfaret, skogtraktene mellom Valdres og Hallingdal, som bakteppe.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Mikkjel Fønhus var ein norsk forfattar, kjend som den fremste naturdiktaren i norsk litteratur. Han brukte villmarka i heimtraktene i Valdres som ramme og inspirasjon i dei mange romanane sine. Gjennombruddet kom med Der vildmarken suser (1919), inspirert av Jack Londons villmarksbøker, og han fekk seinare stor suksess med Troll-Elgen. Fønhus var tidleg oppteken av naturvern og gav næring til naturkjensla til folk gjennom bøkene. Da naturvern vaks fram som kampsak på 1960-talet fekk han ein viktig posisjon som naturvernforkjempar.

Bakgrunn

Mikkjel Fønhus vaks opp i grenda Hølera i Sør-Aurdal i Valdres. Faren hadde bytt bort garden sin mot landhandelen til broren, to år før Mikkjel blei fødd. Faren døydde da Mikkjel var to år gamal og han vaks opp med aleinemora og den to år yngre broren Olaf i andre etasje i landhandelen.

Mora sørga for at Mikkjel fekk utdanning. Etter lokal grendeskule og mellomskuleåra ved Valdres kommunale høyere almenskole i Aurdal, gjekk Fønhus på Ragna Nielsens private gymnas i Kristiania frå 1911 til 1913. Han byrja på jusstudiet ved universitetet, men etter den første forelesingen, som handla om romersk arverett, fekk studenten nok og reiste heim til Valdres på harejakt.

Forfattarskapen

Fønhus gav ut 40 bøker. I 1920 var Fønhus journalist i ein kortare periode. Han var òg julehefteforfattar i mange år. Mest produktiv var han i 1920- og 30-åra, då dei norske julehefta hadde ei stordomstid.

Debut

Heime i Valdres vaks han opp med jakt og fiske. Opplevingane blei til skolestiler og etter kvart og til forteljingar i blad og aviser. Etter at han kom heim frå Oslo byrja arbeidet med det som blei debutboka Skoggangsmand (1917). Da boka kom ut, hadde han skifta namn – Mikkel Arnesen Fønhus var no forfatteren Mikkjel Fønhus.

Skoggangsmand handlar om den villstyrige Hans Trefothaugen, som føler seg innesperra i husmannslivet i bygda, kjem opp i slagsmål og knivstikking og må rømme til skogs som fredløs. Der nyter han det frie livet i naturen i fulle drag, men lengtar og etter kvinner – og drives gjennom det inn i ein konflikt som ender i slaveriet.

Boka fekk lite oppmerksemd frå norske kritikarar, men i Danmark skreiv den seinere nobelprisvinnaren Johannes V. Jensen entusiastisk om boka i Politiken: «Mikkjel Fønhus melder sig som fuldstændig skribent. Det er norsk luft, norsk streng og uudtømmelig natur. En ny mand, som forstaar sig derpaa, har det i sig og kan sige det, er da nu rykket frem.». Jensen pekte på slektskapet mellom villmarksskildringane til Fønhus og den internasjonale villmarkssjangeren, ein sjanger Fønhus no las seg opp på.

Gjennombrudd: Der villmarken suser

I gjennombruddsboka Der vildmarken suser (1919) er inspirasjonen frå Jack Londons berømte The Call of the Wild iaugefallande. Kritikarar som Dagbladets Nils Collett Vogt skreiv begeistra om korleis «villdyrsglæden ved frit liv i urørt natur er suget ind i befriende drag og gjengitt i kjær erindring», og det blei årets bok for den nye Nansen-inspirerte friluftsungdommen. Men Fønhus var på vei vidare. Slektskapen med den utanlandske villmarkssjangeren er tydeleg også vidare i forfattarskapen, mellom anna i dei to neste bøken

I Det skriker fra Kverrvilljuvet har identifikasjonen skifta over frå jegeren drifter til offerets lidingar, og Troll-Elgen (1921) skildrer med dirrende kraft eit livslangt oppgjer mellom villdyrmennesket Gaupa og naturmystikken i storelgen Rautens skikkelse. Her la han for dagen ein makelaus kjennskap til dyrelivet i skog og fjell, stor innlevingsevne når det gjaldt dyr, og fin natursans. Språket er kraftig og malande.

Etter Troll-Elgen var Mikkjel Fønhus – men ikkje kritikarane og lesarane hans – ferdige med Jack London og det unge, moderne Noregs glede over å kunne gjere seg til herre over naturen. Spriket mellom kva omverda forventa av han og kva han sjølv stod for, blei etter kvart smertefullt stort, og det blei ikkje forsona før naturvernbølgja kom mot slutten av 1960-årene.

Han var no oppteken av forestillingane i folketrua om naturens gjengjelding, som i forteljinga Ropet fra Helvetesjuvet i Raudalsdansen (1924), og av samvet, draum og ubevisst sjeleliv i konfliktfeltet mellom natur og sivilisasjon, som i Gråbeinstad året etter. Da hadde han lese Sigmund Freuds Det ubevisste, og Gråbeinstad høyrer til dei aller tidlegaste Freud-inspirerte verkene som er skrivne i Noreg. Men boka blei refusert da han presenterte den for forlaget og kom først ut i 1993.

I Reinsbukken på Jotunfjell var derimot Fønhus slik forlaget, kritikarane og lesarane ønska seg. Men no hadde Fønhus fått ironisk distanse til naturromantikken. Dyret var ikkje lenger majestetisk og mektig som i Troll-Elgen, men vakkert, sårbart og trua. Og jegeren har ikkje lenger både driftene og innlevinga i seg som en indre konflikt. Nå blir desse egenskapene splitta mellom naturvener og naturfiender, og konfliktene hardnar til.

Fønhus ville no skjære gjennom romantikken og avsløre krasse realitetar bakom dei vakre draumene. Dette gjekk att i haldningane hans til kvinner og ekteskap – slik han mellom anna uttrykte dei overfor venen Tarjei Vesaas, i diskusjonar om kommunisme i Forfatterforeningen og i heftig avispolemikk med det fremvoksende Arbeiderpartiet i Valdres. Det preger også boka Fjellkongen (1930), der naturen trenges opp i eit hjørne og slår desperat og brutalt tilbake. Og det ligg under i Løvene i Kilimatui, med brølet i Afrikas mørke natt fra løven som drives på retrett av jernbaneskinner og sivilisasjon, men stolt nekter å la seg kue.

Romanen Skiløperen (1936) handlar om det øydeleggande ved konkurranseidretten.

Troll-Elgen i Tyskland

Med inspirasjonen fra Jack London var det naturlig å sjå ei framtid for Fønhus’ bøker i Amerika, men der vann dei inga gjenklang. Det gjorde dei derimot i Tyskland, der kritikarane såg Fønhus som naturmennesket midt i allnaturen. Frå 1935 blei villmarkssjangeren framheva som ein særleg sunn og germansk sjanger av nazi-ideologen Thilo von Trotha med direkte referanse til mellom anna Mikkjel Fønhus. I åra 1937–1940 blei Troll-Elgen trykka i 410 000 eksemplarer som vervepremie i en nazistisk bokklubb. Mikkjel Fønhus reiste 1937 til Tyskland på et kort besøk til kulturorganisasjonen Nordische Gesellschaft og deretter på foredragsturné arrangert av dei høsten 1938. Foredraget han holdt hadde ikkje noko nazistisk ved seg, men blei brukt av arrangørane som støtte til regimet. Halvanna år seinere kom den tyske okkupasjonen av Noreg, og dei hardaste kampane under heile felttoget sto i valdresnaturen i Bagn. I Fønhus’ bøker blei dette til urbildet på villdyrmenneskets overgrep mot naturen.

Etterkrigstida

Fønhus var ein meister i å skrive om dyr og natur. Når han skreiv om menneske, blei han straks meir alminneleg. Medan dyra er levande individ, blir menneska sjeldan meir enn typar. Karakteristiske eksempel er Køia i Tusterdalen (1945) og Kampen mot villmarka (1946). Mannen med ormeøynene (1951) har stor kulturhistorisk interesse; den dreiar seg om striden mellom nordmenn og innflytta finnar (kvenar) i norske grensetrakter.

Naturvern

Fønhus freista tidleg å markere seg som natur- og samfunnsdebattant. Naturverntankane og den sterke skepsisen han hadde til teknologiske framsteg, møtte motbør i ei samtid som ville ha utvikling og velferd.

I 1949 gjorde Mikkjel Fønhus eit førebels siste forsøk på å bringe kampen for natur-Noreg på dagsorden i bokmanuskriptet Fjellsjøen, om negative følgjer av kraftutbygging i ei fjellbygd. Det ble refusert. Etter det lot Fønhus samfunnsdebatten ligge bøkene og samla seg i staden om å gje næring til naturkjensla til folk, i håp om at tida ville arbeidde for han. Det gjorde ho. Dei årlege bøkene hans kom etter kvart i faste førsteopplag på 20 000 eksemplar.

Det var først då naturvern som kampsak for alvor voks fram i 1960-åra, at naturverndelen av forfattarskapen kom til sin rett. Frå då av fekk han ein viktig posisjon som naturvernforkjempar og som svært engasjert motstandar av det moderne industrisamfunnet sin innverknad på naturen. Han mottok fleire utmerkingar og blei æresmedlem i Norges Naturvernforbund.

Mikkjel Fønhus døyde på tur i skogen heime i Hølera 28. oktober 1973 og er gravlagt ved Bagn kirke. Ei minnebok, Mikkjel Fønhus. Slik som vi husker ham, kom i 1974.

Filmadapsjonar

Boka Troll-Elgen blei filmatisert i 1927.

Omsetjingar

Fønhus er omsett til ei lang rekkje språk. Troll-Elgen blei mellom anna omsett til på tysk, engelsk, dansk, svensk, finsk, polsk, latvisk og nederlandsk.

Verv

Fønhus hadde tillitsverv i avholds- og ungdomsorganisasjonar.

Utmerkingar

Portretter

  • Maleri (helfigur) av Johs. Rian, 1935; Nasjonalmuseet
  • Byste av Gunnar Rørhus, 1973; H. Aschehoug & Co., Oslo

Utgivelser

  • En bibliografi over Fønhus’ forfatterskap finnes i R. Brandrud: Drømmejegeren (sjå nedanfor, avsnittet Litteratur), s. 323–330
  • Fønhus’ Samlede verker blei publisert i 15 bind. 1976, og samlinga Nye romaner og fortellinger utkom i 12 bind. 1978
  • Skoggangsmand, 1917
  • Der vildmarken suser, 1919
  • Det skriker fra Kverrvilljuvet, 1920
  • Troll-Elgen, 1921
  • Under polarlyset. En fortælling fra Spitsbergen, 1922
  • Raudalsdansen. To fortellinger fra Valdres, 1924
  • «Formaal Ægteskab». Spelstykke i to vendingar (under pseudonymet Tølleiv), 1924
  • Gråbeinstad, 1925 (utgitt 1993)
  • Reinsbukken på Jotunfjell, 1926
  • Vandringen mot nord, fortellinger, 1927
  • Skogenes eventyrer, fortellinger om en rev, 1929
  • Fjellkongen, 1930
  • Løvene i Kilimatui, 1931
  • Varg, 1933
  • Ontarioskogen. Skildringer fra nordmenns skogsarbeiderliv i Canada, 1934
  • Skiløperen, 1936
  • Beveren bygger ved Svartkjenn, 1937
  • Veien over fjellet, 1939
  • Kampen mot villmarka. Nybyggerroman, 1946
  • Fjellsjøen, 1949 (ikke utgitt)
  • Tredalsmåren, 1950
  • Leoparden, 1956
  • Snøen fyker over Nøsfjell, 1957
  • I hine hårde dage, 1960
  • Av ulveslekt, 1961
  • Urskogene, 1964
  • Det raser i Haukefjellet, 1965
  • Gaupe, 1966
  • Gjemt i villskogen, 1967
  • Villgås flyr mot nord, 1968
  • Hubroen roper, 1971
  • Under Skagsnuten, 1973
  • I susen av Storelva, 1974
  • Halling-Svarten, (posthumt) 1975
  • Fjellkaren på Grefstadlegeret, 1978
  • Storskogen faller, 1978
  • Underlig hare i Kinnrudskogen, 1978

Etterlatte papirer

  • Brev fra Fønhus finnes i Nasjonalbiblioteketog (til Tarjei Vesaas) i familien Vesaas’ eige.
  • Fønhus’ dagbøker og føredragsmanuskripter er i familiens eige
  • I tillegg til dei posthumt utgjevne bøkene etterlet Fønhus seg omkring førti manuskript; eit utval av dette stoffet blei publisert i 1978 i tolv bind.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Studentene fra 1913, 1938
  • J. V. Jensen: kronikk i Politiken 26.11.1917
  • K. Elster d.y.: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • T. von Trotha: «Über das Wesen des Nordischen», i Norden 1935, s. 176–180
  • U. Gleditsch: Mikkjel Fønhus. Skoggangsmann og tradisjonsbevarer, 1960
  • J. Borgen: «Mikkjel Fønhus – Tiden – Naturen», i M. Fønhus: Nye romaner og fortellinger, bd. 1, 1978
  • G. F. Stensrud: Mikkjel – far min, 1985
  • R. Brandrud: Drømmejegeren. En biografi om Mikkjel Fønhus, 1993
  • T. Brenne: Mikkjel Fønhus, hans liv og forfatterskap, 1993
  • T. Brenne: Mikkjel Fønhus : en bibliografi, 1993
  • K. Hauge, red.: Mikkjel Fønhus : slik som vi husker ham, 1974 (særtrykk av Tidsskrift for Valdres historielags Årbok, 1974)

Faktaboks

Mikkjel Fønhus
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036453003951

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg