Midsund (tidlegare kommune)

Faktaboks

Landareal
94 km²
Innbyggertall
2 019 (2019)
Administrasjonssenter
Midsund
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggernavn
midsunding, midsundværing
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1545 (fram til 2020)
Høyeste fjell
Opstadhornet (737 moh.)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Tettstaden Midsund med Otrøya i bakgrunn, sett frå Midøya
Folketalet i Midsund 1965–2019

Artikkelstart

Midsund var ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Den vart slått saman med Molde kommune i 2020. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.

Midsund kommune vart oppretta i 1964 ved ei samanslåing av tidlegare Sør-Aukra kommune og øyane frå tidlegare Vatne kommune (Dryna, vestre del av Midøya og nokre mindre, ubebodde øyar).

Natur

Midsund består av ei gruppe øyar ytst i Romsdalsfjorden vest for Molde. Dei fem største har busetjing:

Berggrunnen består hovudsakleg av gneis opphavleg av grunnfjellsalder, men sterkt gjort om under den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese), noko som har gitt berggrunnen ei strøkretning vestsørvest-austnordaust. Førekomstar av djupbergarten eklogitt på Otrøya.

Øyane er berglendte med fleire toppar over 600 meter over havet, høgast er Oppstadhornet (737 meter over havet) på Otrøya. Strandflata er velutvikla nordvest på Otrøya, stadvis òg langs sundet mellom Otrøya og Midøya, på Magerøya og lengst vest på Midøya. Her finst ein del myrstrekningar og det meste av dyrkingsjorda i kommunen. Elles er strandflata nokså beskjeden, til dels manglar den heilt.

Busetnad

Berre dei fem største øyane i kommunane har fast busetjing. Folk bur for det meste på strandflata og særleg langs Midsundet mellom Otrøya og Midøya med tettstaden Midsund, likeins rundt Rakvåg nordvest på Otrøya. Det er elles busetjing langs sørkysten av Otrøya og ved Ræstad på nordkysten og vest på Midøya.

I 2015 budde 78 prosent av folket på Otrøya, 20 prosent på Midøya og i alt to prosent på resten av øyane. I 2019 budde 29 prosent av befolkninga til kommunen i tettstadar, mot 73 prosent i fylket samla sett.

Befolkningen voks i Midsund (basert på 1964-grensene) frå slutten av andre verdskrigen og fram til omkring 1960. Deretter følgde ein periode på nesten 50 år med stort sett nedgang i folketalet. I tiårsperioden 2010–2019 auka folketalet med 3,4 prosent. Til samanlikning var det 6,4 prosent vekst i folketalet i fylket samla sett.

Næringsliv

Primærnæringene omfatta 17 prosent av arbeidsplassane i Midsund i 2019. Av kommunane i fylket hadde berre Smøla, Norddal og Halsa større del i desse næringane.

Saman med Fræna var Midsund den viktigaste fiskerikommunen i Romsdal, og fiskeflåten heimehøyrande i kommunen henta heim fisk og skaldyr til ein førstehandsverdi av 102,2 millionar kroner (2013), i vesentleg grad fangst teke i fjerne farvatn. Berre ein svært liten del av dette vart ilandført i heimkommunen, til ein førstehandsverdi av 10,6 millionar kroner i 2013. Det blir elles drive atskilleg fiskeoppdrett i kommunen. Jordbruket er stort sett basert på husdyrhald, med mest storfe og sau.

I 2019 hadde industrien 12 prosent av arbeidsplassane til kommunen, og er i stor grad knytt til fiske og fiskeoppdrett.

27 prosent av dei yrkesaktive busett i Midsund arbeidde utanfor kommunen i 2019, der halvparten av desse arbeidde i Molde.

Samferdsel

Fylkesveg 668 er hovudsambandet gjennom Midsund og følgjer nordsida av Midøya og Otrøya. Dei tre største øyane er knytt til bruer. Det går ferjer mot nordaust ved ferjesambandet Solholmen–Mordalsvågen og sørover med ferjesambandet Drynaholmen-Brattvåg.

Det er òg ferjesamband frå Drynaholmen til øyane Fjørtofta og Harøya, og hurtigbåtsamband mellom Drynaholmen, Brattvåg, Fjørtofta og Harøya.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Midsund høyde til Møre og Romsdal politidistrikt, Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen var med i Romsdal regionråd.

Midsund kommune svarte til soknet Midsund i Molde domprosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja. Otrøy kyrkje er ein langkyrkje i tre, bygd i 1878 i gotisk stil. Kyrkja var påbygd i 1968.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Midsund til Romsdal fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Midsund

For statistiske formål var Midsund kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman elleve grunnkrinsar: Søre Midøy, Nordre Midøy, Midsund ytre, Ugelvik, Nerland, Raknes, Rakvåg, Ræstad, Nord-Heggdal m/Tutra, Sør-Heggdal og Midsund indre.

Historikk og kultur

Funn av gravrøysar og buplassar mellom anna på Magerøya og på Midøya (Hamneset) vitnar om tidleg busetjing på øyane. I Bjørneremshellerane, tre hellerar ved nordenden av Midøya, vart det i 1912 gjort funn frå folkevandringstida som tyder på at dette var den første kjende buplassen i Romsdal. Det vart òg funne helleristningar ved Reitaneset (Nord-Heggdal) søraust på Otrøya i 1965. På øya Tautra finst eit særeige kulturlandskap med bautaer og gravhaugar. Området er foreslått verna.

I 1658–1660 gjekk riksgrensa mellom Sverige og Danmark–Noreg tvers over Midøya. I tillegg til den gamle riksgrensa går det to andre viktige grenseliner gjennom Midøya: Her går skiljet mellom sunnmørske og romsdalske dialektar, samt skilje i byggjeskikk og matskikkar på nord- og sørsida av øya.

Øyavis er lokalavis for Midsund. Avisa kom første gong ut i 1983, har hovudkontor i Midsund og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1987. Det hadde to trekantar i sølv, den nedre nedvendt, mot ein blå bakgrunn. Dette viser til dei to største øyane og sundet mellom desse.

Namnet er opphavleg gardsnamn på Otrøya. Første ledd er øynamnet Midøya, norrønt Miðja, ‘midtøya', og andre ledd -sund som refererer til sundet mellom dei to største øyane Midøya og Otrøya.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Julnes, Johan: Midsund : gard og slekt, 2001-2006, 3 bind
  • Opstad, Kristian, red.: Bygdeboka, 1983-84, 2 bind

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg