Middlemarch

Middlemarch er ein roman av Mary Ann Evans, som skreiv under pseudonymet George Eliot. Boka vart først utgitt i åtte delar i løpet av 1871 og 1872, og slike seriar var ei mykje brukt publiseringsform.

Faktaboks

Uttale
mˈidlma:tʃ

Middlemarch er ein svært breitt anlagt roman som handlar om folk i den fiktive engelske småbyen med same namn. Med undertittel «A Study of Provincial Life» er dette ein realistisk roman som skildrar samfunnstilhøve i midt-England i åra rundt 1830, like før The Reform Bill vart vedtatt i 1832.

Her er fleire parallelle hendingar som er samanvevd med byen som omdreiningspunkt. Ein av dei dreier seg om ein ung lege, Lydgate som prøver å gjennomføre medisinske reformer, men møter motstand. Men hovudpersonen er Dorothea Brooke, ei idealistisk ung jente som gjer det mistaket å gifte seg med ein pretensiøs, middelaldrande prest, Edward Casaubon, i den tru at dei skal gjere eit viktig arbeid i lag. Det viser seg at ho blir langt meir verdsett av den yngre slektningen hans, Will Ladislaw.

Middlemarch er eit svært sentralt verk i britisk romanlitteratur med sitt mangfaldige persongalleri og levande miljøskildring, til dømes i bruk av landsens dialektar og folkeliv. Mange hevdar at dette er Eliot sin beste roman, men der er det stor konkurranse med til dømes Adam Bede og The Mill on the Floss, og det er ingen grunn til å måtte utnemne ein av dei som best.

Romanen vart omsett til norsk med ein gong den kom ut, eit teikn på at det var stor interesse for George Eliot sitt namn. Ho vart sett på som ein av dei aller største romanforfattarane i verda i siste halvdel av 1800-talet. Middlemarch gjekk som føljetong i to ulike aviser i 1873, Aftenposten og Bergensposten, og kom så som bok. Det tok derimot lang tid før det kom ein ny omsetting, kanskje eit teikn på at Eliot var mindre omtalt på 1900-talet. Men i 1995 kom det ny omsetting ved Mona Lyche Ramberg.

Romanen blei filmatisert for TV av BBC i 1968 (Joan Craft) og 1994 (Anthony Page), og er komen i vlog-format (video-dagbøker) i moderne amerikansk setting i 2017 (Rebecca Shoptaw).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg