Før valet til Folketinget 2019 gjennomførte Frederiksen ein reorientering av Socialdemokratiet, med vekt på forsvar av velferdsstaten kombinert med ein offensiv klimapolitikk og ei innstramming i innvandringspolitikken. Partiet gjorde eit godt val og heldt omtrent stillinga frå valet i 2015, men resten av partia på raud side gjorde alle gode val og sikra fleirtal for venstresida.
Mette Frederiksen tiltredde som dansk statsminister 27. juni 2019 og er den yngste statsministeren i dansk historie. Ho leier ei rein sosialdemokratisk regjering – den første i Danmark sidan 1982. Men med berre 48 mandat (av 175) bak seg i Folketinget har regjeringa inngått ein parlamentarisk støtteavtale med Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.