Faktaboks

Mette Frederiksen
Fødd
19. november 1977, Ålborg, Danmark
Mette Frederiksen
Mette Frederiksen
Av /NTB Scanpix.
Mette Frederiksen
Mette Frederiksen talar under den danske demokratifestivalen på Bornholm i 2022.
Av /News Øresund.
Lisens: CC BY 3.0

Mette Frederiksen er ein dansk samfunnsvitar og folketingspolitikar sidan 2001. Frederiksen har vore partileiar for partiet Socialdemokratiet sidan 2015. Som statsminister frå 2019 er ho den yngste danske statsministeren nokon gong. I perioden 2019–2022 leia ho ei sosialdemokratisk mindretalsregjering, medan ho etter valet i 2022 leier ei fleirtalsregjering der også dei borgarlege partia Venstre og Moderaterne deltar.

Bakgrunn

Mette Frederiksen er fødd i AalborgJylland i Danmark. Ho var elev ved Aalborghus Gymnasium i 1993–1996, tok bachelorgrad i administrasjon og samfunnsfag ved Aalborg Universitet i 2007 og har ein mastergrad i afrikastudium frå Københavns Universitet i 2009.

Politisk karriere

Frederiksen melde seg inn i Socialdemokratiet i 1991, arbeidde som ungdomskonsulent for LO i Danmark i 2000–2001 og er ein erfaren politikar som har drive med politikk heile sitt vaksne liv. Partiet Socialdemokratiet tilsvarer Arbeiderpartiet i Noreg, men står for ein strengare innvandringspolitikk, og ordskifta er skarpare enn i Noreg.

Folketinget

Frederiksen var berre 24 år gammal då ho i 2001 vart vald inn i Folketinget for Socialdemokratiet, og har hatt fast plass sidan. I 2005–2011 var ho parlamentarisk nestleiar i folketingsgruppa, og ho var partileiar frå 2015 til 2019. Ho var vald frå København i perioden 2001–2019 og representerer frå 2019 Nordjyllands storkreds.

Ministerpostar

Ho var arbeidsminister i Helle Thorning-Schmidt si regjering i perioden 2011–2014, og fekk mellom anna ansvaret for halvering av dagpengeperioden. I 2014 tok ho over som justisminister i same regjering, fram til regjeringa gjekk av etter valet i 2015. Då Thorning-Schmidt trekte seg etter valnederlaget i 2015 tok Mette Frederiksen over som ny partileiar for Socialdemokratiet.

Partileiar og statsminister

Før valet til Folketinget i 2019 gjennomførte Frederiksen ei reorientering av Socialdemokratiet, med vekt på forsvar av velferdsstaten kombinert med ein offensiv klimapolitikk og ei innstramming i innvandringspolitikken. Partiet gjorde eit godt val og heldt omtrent stillinga frå valet i 2015, men resten av partia på raud side gjorde alle gode val og sikra fleirtal for venstresida.

Mette Frederiksen tiltredde som dansk statsminister 27. juni 2019. Ho leia fram til 2022 ei rein sosialdemokratisk regjering – den første i Danmark sidan 1982. Men med berre 48 mandat (av 175) bak seg i Folketinget fekk regjeringa ein parlamentarisk støtteavtale med Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten.

Før valet i 2022 tok Frederiksen til orde for ei regjering «henover midten» – altså med deltaking også frå borgarleg side. Valet vart ein stor personleg triumf for Frederiksen; Socialdemokraterne fekk ein klar framgang og vart meir enn dobbelt så stort som nest største parti. Ho gjekk deretter i forhandlingar med alle partia med sikte på å danne ei fleirtalsregjering. Etter lange forhandlingar vart den nye regjeringa presentert i desember 2022. Fleirtalsregjeringa består av dei tre største partia i Folketinget: Socialdemokratiet, det leiande borgarelge partiet Venstre og det nydanna sentrumspartiet Moderaterne. Den overraskande samansetjinga blei forklart med behovet for fast styring og for å minske den politiske påverkanden til dei mange fløypartia.

Frederiksens politikk

Frederiksen viste seg tidleg som ein politikar med sterke meiningar og som kjempa for synspunkta sine. Ho har òg kritisert sitt eige parti. Ho er ein av dei folketingspolitikarane som har fått flest personstemmer ved vala dei siste åra. Ho fekk òg mange lovord for handsaminga av koronapandemien.

I motsetnad til dei norske og svenske sosialdemokratiske partia ligg standpunktet til Frederiksen sitt parti langt til høgre i innvandringspolitikken. Ho kjempa om dei innvandringskritiske røystene med Dansk folkeparti og nøytraliserte på ein måte innvandringssaka.

Utgjevingar og utmerkingar

Frederiksen har vore medforfattar av debattbøkene Epostler: En antologi (2003) og Fra kamp til kultur (2004). Ho vart i 2002 tildelt Nina Bang-prisen for politisk mot og gjennomslagskraft, Peter Sabroe Klubbens Hæderspris i 2008 og Ting-Prisen i 2012 for si evne til å kommunisere med borgarane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg