Mette

Mette er eit kvinnenamn som kan vere dansk form av Margareta. Namnet kan også vere nedertysk kjæleform av Mecht-hild. Forleddet tyder ‘makt’ og etterleddet ‘strid’ (sjå Mathilde).

Namnet har fleire variantar: Mette, Meta.

Namnedag er 14. mars. Mathilde og Mille har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Mette

Kulturell bruk

  • I Johan Herman Wessels komedie «Kierlighed uden Strømper» (1772) er Mette venninna til hovudpersonen Grethe.

Kjende personar med namnet Mette

Eit utval personar med namnet Mette, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10400 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Mette som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hald, Kristian 1974: [Personnavne i Danmark. 2. Middelalderen]. Fællesforenings Håndbøger. København.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg