Meråkerposten

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Meråkerposten er ei lokalavis som kjem ut i Meråker. Avisa blei grunnlagd i 1982 og er eigd av Trønder-Avisa med 65 prosent og Amedia med 35 prosent.

Avisa dekkjer Meråker kommune. Meråkerposten er ei av dei minste avisene i landet og kjem ut éin gong i veka. Likevel har ho så langt greidd seg godt i konkurransen med større naboar.

Meråkerposten er eit døme på at det går an å gi ut avis for og i ein liten kommune, når ho berre er lokal og leseverdig nok. Meråker kommune har knapt 2500 innbyggjarar, og grunnlaget for eit eige presseorgan er såleis spinkelt. Men Meråkerposten har eksistert i over 30 år, trass i at konkurransen frå avisene i Stjørdal har vore merkbar.

Historie

5. august 1981 kom det første nummeret av Meråkerposten ut. Grunnleggjaren, Bendik Christensen, var fødd og oppvaksen i Meråker, og han meinte at heimbygda fortente ei avis. Karsten Tidemann, som seinare blei eigar og redaktør av Meråkerposten, kom til Bendik med ein artikkel like etter at bladet var kome i gang. Han blei tilsett der og då som annonseseljar

I 1982 var Bendik Christensen på ferie i Spania og ville forlengje opphaldet til tre månader. Dermed selde han avisa over telefon til Karsten Tidemann og Dagny Selliset, som òg arbeidde i avisa. I 1985 selde Selliset sin del, og Tidemann og kona hans, Inger Ree, blei eigarar.

Avisa kjem ut kvar torsdag. Den første tida hadde Meråkerposten kontora sine i Gudå. I 1990 flytta dei til den nedlagde Mustad skule i sentrum av Meråker. Avisa fekk ein oppsving tidleg i 1990-åra. På det meste hadde ho 1350 abonnentar, og det i ei bygd med 1130 husstandar. Dei var på den tida fem tilsette, mellom dei Nils Martin Tidemann, som seinare blei redaktør i Arbeidets Rett på Røros.

I 1996 selde Tidemann-familien verksemda til Adresseavisen, men ekteparet Tidemann heldt fram i avisa i to og eit halvt år til, han som redaktør. Så slutta dei, og Svein Karsten Henden var redaktør ei kort tid, før Svein Halvor Moe tok over. I år 2000 selde Adresseavisen bladet, og Moe kjøpte. Moe var redaktør i fire–fem år, men seinare blei Knut Johansen tilsett i denne stillinga

Den tekniske produksjonen av Meråkerposten skjer i Fonnfjell Design, som Moe er medeigar i. I den lengste tida har Meråkerposten vore trykt i Rotasjonstrykkeriet i Trondheim, men sats og utforming av sidene har heile tida skjedd i Meråker. Dei første to tiåra blei dette arbeidet gjort av avisa sine eigne folk.

I juni 2021 vart det klart at Trønder-avisa og Amedia kjøpte ut mangeårig redaktør og eigar i tjue år, Svein Halvor Moe, frå Meråkerposten. Trønder-avisa kjøpte 65 prosent og Amedia kjøpte dei resterande 35 prosentane av selskapet.

Opplag

År Opplag
1986 1411
1990 1713
2005 1115
2008 1357
2015 1040
2020 909

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg