Faktaboks

Administrasjonssenter
Frekhaug
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
8 187 (2019)
Landareal
88 km²
Høgaste fjell
Eldsfjellet (324 moh.)
Innbyggjarnamn
melandsbu
Kommunenummer
1256 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Meland

Meland. Det karakteristiske kulturlandskapet på Holsnøya har fleire spor etter tidleg busetnad, bl.a. restar av steinhus, terrassemurar og setegardar. Biletet er frå Espetveit. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Meland var ein kommune i Hordaland fylke. Meland vart i 2020 slått saman med Lindås og Radøy til Alver kommune, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Meland kommune låg i Nordhordland, og omfatta øyane Holsnøy (88,8 km2), Flatøy (2,2 km2) og nokre mindre øyar mellom Radfjorden og Herdlefjorden nord for Byfjorden, Bergen.

Kommunen vart oppretta i 1923 ved utskiljing frå dåverande Alversund kommune. Meland fekk nye grenser i 1964 då Hanevikområdet på austsida av Askøyna vart overført til Askøy, samtidig som Meland vart tillagt Flatøy frå den tidlegare Hamre kommune, og nordre del av Holsenøya frå dei tidlegare kommunane Herdla og Sæbø.

Natur

Terrenget på den største øya, Holsnøy, er relativt flatt, og det høgaste punktet i kommunen er Eldsfjellet, 324 moh, på nordre del av Holsnøy. Berggrunnen i heile Meland høyrde til Bergensfeltet, som her har strøkretning nordvest–søraust. Terrenget skiftar mellom høgderyggar og myrlendte dalsøkk.

Busetnad

Busetjinga i den tidlegare kommunen er jamt spreidd, med konsentrasjon i og omkring administrasjonssenteret Frekhaug (2645 innbyggjarar 2016) i sørenden av Holsnøy der ein stor del av bustad- og næringsutbygginga går føre seg. Meland hadde fem andre tettstader, tre andre sør på Holsnøy (Holme, Dalemarka og Moldekleiv), eitt lengre nord på øya (Vikevåg) og eitt på Flatøy (Krossneset; dels òg på Holsnøy). I alt 67 prosent av Meland si befolkning budde i tettstader i 2016, mot 83 prosent i fylket samla sett.

Meland hadde frå slutten av 1960-talet aukande folketal, med særleg sterkt vekst etter opninga av Nordhordlandsbrua i 1994. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet med gjennomsnittleg 2,9 prosent årleg, mot 1,3 prosent i fylket samla sett. Meland hadde i den perioden størst prosentvis tilvekst av alle Hordaland sine kommunar.

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting var industrien viktigaste næring etter sysselsetjing med 26 prosent av arbeidsplassane i 2015, 33 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Viktigaste industribransjar var i 2014 verkstadsindustri og trelast-/trevareindustri med høvesvis 88 og ni prosent av industriens sysselsette.

Meland hadde stor utpendling, noko som ikkje minst kjem nærleiken av til Bergen. I alt 67 prosent av kommunens busette yrkestakarar hadde i 2015 arbeid utanfor kommunen, 38 prosent i Bergen og 19 prosent i resten av nordhordlandskommunene, 17 prosent i Lindås åleine.

Jordbruket i den tidlegare kommunen er relativt beskjedent og i overveiande grad basert på storfe- og sauehald, i tillegg til noko hagebruk. Det blir drive lite fiske.

Samferdsel

Meland har fastlandssamband med Lindåshalvøya i nordaust og Åsane i Bergen i søraust, begge ved fylkesveg 564 via Flatøy og E39. Fylkesveg 564 går vestover langs sørsida av Holsnøy.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Meland høyrde til Vest politidistrikt, Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionsrådet Regionrådet Nordhordland saman med Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Radøy.

Meland kommune svarer til soknet Meland i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Meland til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Meland

For statistiske formål var Meland kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Meland nord: Husebø, Landsvik, Rossland, Io, Ryland, Brakstad, Bjørndal, Holme
  • Meland sør: Gaustad, Grasdal, Moldekleiv, Flatøy, Fosse, Frekhaug, Mjåtveit, Sagstad, Meland

Historikk og kultur

Det særprega kulturlandskapet på Holsnøya har fleire spor etter tidleg busetjing, mellom anna restar av steinhus, terrassemurar og setegardar. Holmeknappen sjøbu (frå 1700-talet) vart restaurert i 1992, med utstyr frå tønneproduksjon og sildesalting. Holmestova, ei av dei eldste røykstovene i Nordhordland, er truleg frå 1551.

Garden Meland har vore kyrkjestad sidan midten av 1200-talet. Stavkyrkja som stod her, var i bruk fram til 1616, då det vart bygd ei ny tømmerkyrkje på same stad. Denne vart riven i 1816. Nye Meland kyrkje, ein langkyrkje i tre, vart reist 1866 og ho vart restaurert i 1955.

Frekhaug var tidlegare ein storgard, med eit tohøgda hovudhus frå rundt 1780. Huset er freda og er i dag ein del av Nordhordland folkehøgskule. Nordhordland folkehøgskule er landets største og ligg på Frekhaug. Den er eigd av Nordhordland Indremisjon.

Den største avisa i kommunen er Nordhordland, som dekkjer seks kommunar i Nordhordland og Gulen i Vestland. Avisa kom med det første nummeret i 1974, og har hovudkontor i Knarvik. Avisa vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) hadde ein nedvendt navarspiss i sølv mot ein raud bakgrunn. Dette viste til den tradisjonelle produksjonen av navarbor i kommunen.

Namnet kjem av norrønt Meðalland, ‘garden som ligg i midten‘, det vil seie mellom gardane Bjørnestad og Erstad.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flatøy, Olav: Meland kommune gjennom 50 år, 1973

Kommentarar (3)

skreiv Haakon Aase

Hei!Det står i artikkelen om Meland at den siste kyrkja vart reist i 1816. Det meiner eg bestemt må vera feil. Eg trur det rette årstalet er enten 1865 eller 1866.Beste helsingHaakon Aase

svarte Sverre Olav Lundal

Etter den seinaste oppdateringa står det framleis at kyrkja vart reist i 1816. I Våre Kirker og på Kirkebyggdatabasen Kirkesøk står det 1866. Arkitekten var Johannes A. Øvsthus, som også teikna Modalen kyrkje, reist i 1883.

svarte Geir Thorsnæs

Mine kilder sier også 1866, og den manglende oppdateringen var en ren forglemmelse. Takk for påminnelsen!Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg