Tempel 26
«The Hieroglyphic Stairway» i Tempel 26, Copan.
Tempel 26
iStock.

Skriftsystemet til mayaene blei først dechiffrert på slutten av 1980-talet og i løpet av 1990-talet. Dette skriftsystemet er kategorisert å innehalda hieroglyfar, men ei rettare nemning er logosyllabisk fordi det består av både logogram (ordteikn) og stavingar (fonetiske teikn).

Ifølgje tilgjengelege kjelder var skriftsystemet i bruk i alle fall frå ca. 200 fvt. til ca. 1700 evt. Trass i dei systematiske øydeleggingane til spanjolane og ein «naturleg» destruksjon av ulike medium, særleg på grunn av klima, er fleire tusen inskripsjonar i dag tilgjengelege. Det blir også kontinuerleg gjort funn av nye inskripsjonar av arkeologar og epigrafikarar.

Historisk og geografisk bakgrunn

Mayaskrift er særleg utbreidd i byar og bystatar i den klassiske perioden (ca. 200–ca. 900 evt.) frå det søraustlege låglandet i Mesoamerika – det vil seia særleg det sørlege Mexico, låglandet i Guatemala og den vestre delen av Honduras – men var også framherskande i den postklassiske perioden (ca. 900–ca. 1200 evt.) på Yucatán-halvøya i Mexico.

Den eldste mayaskrifta (ca. 300–200 fvt.) er frå byen San Bartolo i Guatemala. Byen blei oppdaga av amerikanske arkeologar ved eit slumpetreff i 2001. Inskripsjonen blei funnen i 2005. Spanjolane kom første gong i kontakt med mayaene i 1502. Etter erobringa av Mellom-Amerika under første halvdel av 1500-talet forbaud spanjolane mayaene å bruka eiga skrift. Kunnskapen mayaene hadde om det logosyllabiske skriftsystemet, gjekk difor gradvis tapt og forsvann på 1700-talet. Prinsippa for skriftsystemet var lenge ukjende, men blei gradvis dekoda frå siste halvdel av 1900-talet av epigrafikarar frå Russland, Tyskland og USA.

Skriftsystemet sine prinsipp og språk

«Logosyllabisk», også kalla «hieroglyfisk» (gresk hieros, 'heilagt' og glufos, 'skrift'), karakteriserer eit skriftsystem som består av to typar teikn. Det er ordteikn, også kalla logogram (logos, 'ord', gramma, 'som blir skrive'), og stavingar eller vokalteikn (lydteikn). Dei fonetiske teikna i mayaskrifta består av stavingar. Stavingane består som oftast av ein konsonant følgt av ein vokal (KV) eller konsonant, vokal og konsonant (KVK).

Mange stavingsteikn blei truleg lånte frå skriftsystemet til den eldre Isthmian-kulturen (også kjend som Epi-Olmec). Desse teikna blei sannsynlegvis skrivne på mixe-zoque, som tilhøyrer ein annan språkfamilie. Me kjenner ca. 800 mayateikn, der i alt ca. 200–300 blei brukte i gitte periodar. Mayaskrifta blei etter kvart utvikla fonetisk, det vil seia at stavingar blei vesentleg meir nytta på kostnad av logogram.

Setningsbygningen eller syntaksen er verb–objekt–subjekt (VOS) eller verb–subjekt (VS). Ei lengre setning består difor av eit tidsadverbial (T-ADV), verb, objekt, subjekt og av og til eit lokativ adverb (L-ADV). Den lengste inskripsjonen som er funnen, er «The Hieroglyphic Stairway» frå Tempel 26 i byen Copan, som ligg i det vestre Honduras. Inskripsjonen er på 21 meter og inneheld 2200 teikn. Han fortel store delar av historia til dynastiet frå grunnleggjaren av ætta K'ihnich Yax K'uk' Mo' (426–437 evt.)

Det eksisterer i dag ca. tretti maya-språk. Ordbøker til moderne maya-språk inneheld ein del ord i inskripsjonane frå den klassiske perioden. Klassisk ch'olan eller klassisk ch'olti'an', også kjent som klassisk låglands-maya, er det språket som skriftsystemet til den klassiske maya-kulturen er skrive på. Denne varianten blir i dag brukt av ch'orti'-maya, som lever i det søraustlege Guatemala og den vestre delen av Honduras. Men skriftsystemet demonstrerer også slektskap til fleire samtidige maya-språk (ch'olan og tzeltal) frå låglandet. I den postklassiske perioden, der skrifta er kjend frå byar på Yucatán i Mexico, var språket yukatek. Det er funne fleire låneord frå mayaspråk som yukatek (i den klassiske perioden), tzeltzal og kanskje kekchi og frå nahuatl. Sistnemnde høyrer til ein annan språkfamilie. Det var etter kvart kontakt med nahua frå det sentrale Mexico.

Medium og bruk

Mange av mayainskripsjonane er bevarte på steinmonument funne i byar som ikkje var kjende for spanjolane. Men me veit at det blei måla og skore ut tekstar på alle tenkjelege medium, som vasar, bygningar, steinobjekt som til dømes stelar (det vil seia store steinmonument som kan vera opptil 35 fot), i bøker laga av bork eller skinn (kalla kodeksar), i hòler og på objekt som skjel, jade, bein og så vidare. Desse tekstane skildrar kalendrar, historie, mytar, kosmologi, ritual, handel, oversyn over tributtar, diplomati, krig, politikk, dynastiske relasjonar og så vidare.

Skriftsystemet reflekterer språket til aristokratiet og kunne brukast av alle skriftlærde uansett by der det blei talt ulike mayaspråk. Lese- og skrivekunna i befolkninga er derimot ikkje godt kjend. Veggraffiti frå Tikal i Guatemala og ei bok frå kva som synest å vera eit egalitært samfunn i byen Ceren i El Salvador, tyder likevel på at skriftkunne var meir utbreidd i enkelte sosiale samanslutningar.

Mayakulturen var organisert i meir eller mindre uavhengige byar og bystatar, der nokre bystatar (klassisk periode: Tikal, Copan, Palenque og Calakmul) var større enn andre og for kortare tidsperiodar skapte hegemoni (postklassisk periode: Chitzen Itza og Uxmal). Maya-skrifta har ein felles stil, men samstundes representerer ho ulike tidsperiodar og geografiske regionar. Den regionale paleografiske variasjonen kan fortelja om venlegsinna samkvem eller fiendskap mellom byar og om den innbyrdes statusen deira. Skrifta var også ein politisk-lingvistisk (fonologisk) identitetsmarkør i særleg monolingvale (eittspråklege) mindre byar. Orda i kvar enkelt inskripsjon har ulike stavingar som representerer ulik fonologi. Det var difor regionale ortografiske variantar (dialektar) framstilt i inskripsjonane.

Mayainskripsjonar i dag

Sjølv om mayaepigrafikken hadde ein kraftig dynamikk særleg fram til år 2000, noko som førte til at nesten alle inskripsjonar og teikn i korpus er dekoda, blir det stadig gjort viktige funn. I dag lærer også fleire mayaer (ca. 8–9 millionar) prinsippa for skriftsystemet, og ein del har høgare utdanning i lingvistikk. Sjå særleg organisasjonen Academia dei lenguas Mayas de Guatemala, der medlemene er mayaer som taler ulike mayaspråk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Coe, Michael D. Breaking the Maya Code. London: Thames and Hudson. 1992.
  • Houston, Stephen D. All Things Must Change: Maya Writing over Time and Space. 21–42. Boone, Elizabeth H. og Gary Urton (red.). Their Way of Writing. Scripts, Signs, and Pictographies in Pre-Columbian America. Dumbarton Oaks Research Library and Collection. Wash. D.C. 2011.
  • Houston, Stephen D., Oswaldo Chinchilla Mazariegos og David Stuart. The Decipherment of Ancient Maya Writing. University of Oklahoma Press. 2001.
  • Martin, Simon og Nikolai Grube. Chronicle of the Maya Kings and Queens. London: Thames and Hudson. 2000.
  • Saturno, William, David Stuart og Boris Beltrán. Early Maya Writing at San Bartolo, Guatemala. Published online 5 January; 2006.
  • Wichmann, Søren. (red.), The Linguistics of Maya Writing. Salt Lake City: University of Utah Press. USA. 2004.
  • Wichmann, Søren. Mayan historical linguistics and epigraphy: a new synthesis. Annual Review of Anthropology 35: 279–294. 2006.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg