Max er eit mannsnamn som er kortform av det latinske Maximillian laga til adjektivforma maximus som tyder ‘størst’.

Namnet har fleire variantar: Maks, Max.

Personar med namnet Max

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var reserveløytnant Max Kristoffersen fødd 1835 i Moss.

Kulturell bruk

  • Barnebøkene om Max (1981–1994) av den svenske forfattaren Barbro Lindgren.

Kjende personar med namnet Max

Eit utval personar med namnet Max, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 546 menn i Noreg som hadde Max som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 96 gutar som fekk namnet Max.

Utvikling i bruk av namnet

Max er blant dei få einstava namna som har hatt toppfasen sin på 2000-talet. Andre døme er dei nordiske Ask, Gard, Storm og Trym, men dei fleste einstava nordiske namna hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Kjell, Leif, Odd, Bjørn, Rolf, Svein, Dag, Finn og Geir. Barnebøkene om Max (1981–1994) kan ha medverka til framgangen for Max på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Max frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Max frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg