Mattis Hætta

Faktaboks

Mattis Hætta

samisk: Simona Máhtte

Født
15. mars 1959, Masi/Máze i Kautokeino, Finnmark (no Troms og Finnmark)
Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Mattis Hætta er ein samisk joikar og skodespelar. Han representerte Noreg under den europeiske musikktevlinga Melodi Grand Prix i Haag i 1980, saman med Sverre Kjelsberg frå bandet Pussycats.

Kjelsberg skreiv songen «Sámiid Ædnan» saman med Ragnar Olsen til teaterframsyninga Nullpunktet, om Alta-saka, for Hålogaland Teater, der begge var tilsette. Mattis Hætta var då ein ung joikar, og heimbygda hans, Masi i Kautokeino, var ei av bygdene som var foreslått lagd under vatn i utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget. Hætta hadde sjølv vore med i aksjonane utanfor Stortinget sommaren 1979, som songteksten fortel om. Alta-utbygginga skapte merksemd for samesaka, og songen sette samefolket sine rettar på agendaen også utanfor Noreg. Popsongen vart slik ein del av protestaksjonane mot utbygging av Alta-elva, ei sak som for mange vart sjølve symbolet på den norske statens overgrep mot samane som urfolk.

Som skodespelar har Hætta arbeidd mellom anna med Beaivváš Sámi Našunálateáhter og i fjernsynsserien Hjerterått (2013).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg