Matilde er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Mathilde med opphav i gammalhøgtysk Macht-hilt. Forleddet tyder ‘makt’ og etterleddet ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Mathilda, Mathilde, Matilda, Matilde.

Personar med namnet Matilde

Kulturell bruk

  • Matilde i Bjørnstjerne Bjørnsons «De nygifte» (1865).
  • «Matilde» (1920), drama av Oskar Braaten.

Kjende personar med namnet Matilde

Eksempel på ein person med namnet Matilde som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 544 kvinner i Noreg som hadde Matilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 46 jenter som fekk namnet Matilde.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Mathilde og Matilde slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Mathilde er blant dei namna som etter ein topp i perioden 1875–79 har fått ein ny topp omtrent 130 år seinare. Varianten Matilde, som har vore lite brukt, byrja på eit oppsving i 1980-åra. Dette var omtrent samtidig med oppsvinget for Mathilde. Sidan år 1900 har Mathilde vore brukt 4,5 gongar meir enn Matilde.

Utvikling i bruk av namnet Matilde frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Matilde frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg