Matias Orheim

Faktaboks

Matias Orheim
Født
26. juli 1884, Eid, Sogn og Fjordane
Død
20. april 1958, Eid
Matias Orheim
Av /Nasjonalbiblioteket, Nynorsk kultursentrum.

Artikkelstart

Matias Orheim var ein norsk lekpredikant og salmediktar, kjend som ein av dei store folketalarane og mest folkekjære song- og salmediktarane i lekmannsrørsla tidleg på 1900-talet.

Orheim var ivrig i den frilynte ungdomsrørsla som ungdom. Som 15-åring fekk han ei åndeleg oppvekking under eit pinsestemne. Same hausten fór han til Nordfjordeid for å gå på fylkesskulen, og han drøymde om å studere teologi. Men synet skranta, og han kunne ikkje fullføre skulen. Allereie 32 år gamal miste han gangsynet, men det stoppa han ikkje.

Orheim verka som predikant resten av livet, og han vitja alle prestegjeld i landet, utanom dei aller nordlegaste i Finnmark. Han var forkynnar i Nordfjord og Sunnfjord i åra 1903–1905, så i Kristiania Indremisjon i 1905–1907. Etter det reiste han som forkynnar og talar som tilsett i Det Vestlandske Indremisjonsforbund frå 1907 til 1921, og for Norges Kristelige Ungdomsforbund frå 1921 til 1944. Han heldt fram med å reise også etter at han vart pensjonist. Orheim var òg gardbrukar og dreiv farsgarden, med god hjelp frå kona og borna i åra 1916–1939.

Han skreiv om lag 1000 dikt og sette tone til fleire av dei, i tillegg til ei rad med romanar. Den første diktsamlinga hans, Heimlokk, kom allereie i 1903 og vart seld i eineståande 65 000 eksemplar. I 1953 vart Orheim heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

Kvardagskristendom

Matias Orheim på forkynningstur med Sigurd Bødal
Av / Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Då Orheim voks opp, var heimstaden prega av sterke brytningar mellom det frilynte synet og vekkingsrørsla som fór over bygdene på den tida. Sjølv etter at han vart ein del av vekkingsrørsla, var han ein ihuga mostandar av den rådande pietismen på Vestlandet, og han braut med den i forkynninga si.

Bodskapen hans var ein gladare, meir heimsleg og praktisk kristendom, der målet var å leve eit åndsliv i nær kontakt med naturen – den einaste heilagdomen. Tittelen på ein av salmane hans, Kvardagskristen vil eg vera, viser denne praktiske tilnærminga til kristendomen. I Orheim sine tekstar kjem det elles til syne ein kultur der kristenliv og målsak, vekkingsideal og danningsvisjonar smeltar saman.

I alt han skreiv, lyser målsaka igjennom. Han var ein ihuga forkjempar for det nynorske språket. Det var mellom anna avgjerande for omvendinga til Orheim under pinsestemnet i ungdomsåra at predikantane som talte, nytta nynorsk – eit språk som til då hadde vore oppfatta som eit fritenkjarspråk.

Orheim vart ein av dei som var med på å skape aksept for landsmålet blant bedehusfolket – noko som sat langt inne for delar av lekmannsrørsla. Det var på grunn av nynorsken at han ikkje slapp til i seks av prestegjelda i Finnmark.

Lyrikaren

Omfanget av det Orheim skreiv, er svært stort, særleg når ein tenkjer på at det vart gjort i tillegg til reiseverksemda og ansvaret for gardsdrifta. Dei mest levedyktige songane og salmane til Orheim kom til tidleg, i dei første åra etter at han fekk vite at han kom til å verte blind. Nokre av dei mest omtykte salmane er Eg har ei tenesta stor for Gud og Å, var eg meir deg Jesus lik, der Orheim har laga både tekst og melodi.

Det meste av det Orheim dikta, var meint for å syngjast. Tekstane vart skrivne til kjende og populære melodiar, gjerne folketonar. Nokre sette han tone til sjølv. På møta vekte han oppsikt med glasmusikk – han fylte glas med vatn og strauk på kanten av dei. Fele spela han òg, sjølve symbolet på kampen om ei meir open haldning til kulturen, med eigen rytme og takt.

Gudelege romanar

Sjølv om det primært var lyrikar han var, skreiv Orheim òg mykje prosa, i alt ti romanar. Men denne produksjonen er i stor grad gløymd, og romanane er heller tunglesne. Meldarane i samtida meinte at han skreiv med eit unødig ordrikt språk, overlest med namn og samansette ordbilete, og at hendingane ofte var så ihopfløkte at meininga og persongalleriet var vanskeleg å få tak i.

Samstundes fekk han ros for ein rik diktargivnad, med både fantasi og kjensler, og eit gløgt auge. Fleira av romanane vart trykte opp på nytt, og både I livsens lundar frå 1911, Jonsokvarden frå 1912 og Solrenning frå 1915 kom i nye utgåver etter kort tid.

Skjønnlitteratur var i seg sjølv provoserande for den pietistiske kulturen, og lesing og skriving av romanar høyrde ikkje heime i vekkingsmiljøet. I beste fall vart det oppfatta som nokså unyttig. Men Orheim utfordra denne oppfatninga med sine «gudelege romanar».

For det låg eit pastoralt kall og ideal bak Orheim sin prosa. Målet var å hegne om den kristne bodskapen og inspirere til samklang mellom liv og lære. Han brukte det som ein kanal for å nå ut til ungdommen med sunn og enkel rettleiing.

Den bakanforliggjande bodskapen var samanhengen mellom historia og openberringa, der historia vert sedd på som ei utvikling i fleire etappar, og der ånda sigrar gjennom opplysing og openberring. Men Orheim sine romanar var meir enn reine oppbyggjelege forteljingar; han skreiv òg om det problematiske ved livet og trua.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Aanestad ofl. (red.): Kristen sang og musikk, bd 2: Matias Orheim. Oslo 1965
  • Birger Løvlie: Kor mykje stort ... Matias Orheim. Hans bidrag til vestnorsk kultur- og kristenliv, i serien Kyrkjefag Profil, nr. 7. Trondheim 2007
  • Birger Løvlie: «Folkekjær salmediktar», i Harald Kjølås (red.): 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Ålesund 2000
  • Jakob Straume: Trubaduren. Bergen 1960

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg