Artikkelstart
Mathias Dahl Gjessing var jurist og ein tidleg talsmann for landsmålet. Han skreiv sentrale avisartiklar i 1850-åra, men i språkhistoria har han vore lite påakta.
Mathias Dahl Gjessing var jurist og ein tidleg talsmann for landsmålet. Han skreiv sentrale avisartiklar i 1850-åra, men i språkhistoria har han vore lite påakta.
Mathias Dahl Gjessing var fødd i Kristiansand i Agder og døydde i Kristiania (no Oslo). Frå hausten 1830 arbeidde han som kontorbetjent og blei i 1837 bankadvokatfullmektig. Han tok juridisk embetseksamen i 1841 med beste karakter, var ekstraskrivar i Kyrkjedepartementet frå 1838 til 1849 og så fullmektig, seinare kasserar og sekretær, i Den norske Enkekasse, ein av forløparane til Statens pensjonskasse. Frå 1873 var han òg sekretær for Pensionskassen for Statens Bestillingsmænd. Han hadde verv i fleire pensjonsføretak.
Då Ivar Aasen i 1852 skreiv ein lengre artikkel om Ole Vigs nyskipa tidsskrift Folkevennen, nemnde han kort tanken om «at anlægge en aldeles norsk Sprogform», å skape eit heilt ut norsk skriftspråk. I ordskiftet som følgde, var Gjessing ein av få som forsvarte landsmålstanken. Han skreiv klart og utførleg, men dei fekk ikkje svar.
I tre lange artiklar i Morgenbladet i 1852, 1853 og 1855 og ein artikkel i Christiania-Posten i 1857 peikar Gjessing på at avstanden mellom folkemålet og det danske bokspråket er for stor, og at avstanden er ei hindring for folkeopplysning. Folkemålet måtte difor ligge til grunn for bokspråket. Oppnorsking av det danske skriftspråket såg han som urealistisk. Det ville ta for lang tid.
Han la òg fram tankar om korleis folkemålet kan bli eit skriftspråk. Det måtte lagast ei ordbok og ei språklære, språket måtte takast i bruk i folkeskrifter, og det måtte undervisast i det på lærarseminara, Universitetet og dei lærde skulane. Lærebøker måtte skrivast på folkemålet, og Bibelen måtte omsetjast. Folkemålet måtte etter kvart bli kyrkje-, skule- og rettsspråk på landet. Vona var at nasjonen med tida ville samle seg om dette målet. Eit sams skriftspråk var nødvendig for geografisk og sosial integrasjon. Språkkløyving var eit vonde.
I artikkelen frå 1857 gjorde han framlegg om ein post for Ivar Aasen ved Universitetet. I 1874 skreiv han ein artikkel i Aftenbladet om professorløn til Aasen.
Gjessing skreiv elles avisartiklar om ulike emne, om flaggsak, Wergelands skrifter, vallovgiving, myntfot, embetssegl, skatt og pensjon. Dei fleste av artiklane publiserte han i Morgenbladet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.