Mateus er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Matheus som – til liks med Mathias – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).

Namnet har fleire variantar: Mateus, Matheus, Matteus.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Mateus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg