Massemedier i Hellas har gjennomgått store endringar dei siste åra, særskilt grunna finanskrisa. Fleire aviser har måtta leggja ned, og det er høg arbeidsløyse blant journalistar. Særskilt skapte nedlegginga av det nasjonale radio- og fjernsynsselskapet ERT i 2013 ein del oppstyr. Mykje av gresk presse har vore kritisert for å vera styrt av rike aktørar med sentrale verv og posisjonar i samfunnet.

Presse

Etter statskuppet i 1967 opphøyrde halvparten av den samla dagspressa, og dei gjenverande avisene blei underlagde sensur. Då militærregimet falt i 1974, blei det ein rask vekst i gresk presse, men frå 1990-åra har talet på aviser og avisopplag igjen sige kraftig. Totalt hadde Hellas 28 nasjonale dagsaviser i 2005, men dette talet har gått noko ned etter finanskrisa for alvor slo inn i 2009.

Kveldsaviser er meir populære enn morgonutgåver i Hellas. Dei sistnemnde kjem ikkje ut måndagar, kveldsavisene kjem ikkje på sundagar. Som i Italia har gresk presse vore noko kritisert for å vera sterkt tilknytta og påverka av politiske parti. Den største avisa er Kathimerini, som også har ein internasjonal engelskspråkleg del. Andre store aviser er Eleftherotypia, Ta Nea, Ethnos og To Vima. Sistnemnde er også tilgjengeleg på engelsk. I tillegg finst det ei rekkje lokale og mindre aviser, gjerne tilknytta politiske parti eller organisasjonar. Samanlikna med Skandinavia er utbreiinga av aviser likevel lita.

Radio og TV

Radio- og TV-marknaden var lenge dominert av det nasjonale radio- og fjernsynsselskapet Elliniki Radiophonia Tileorasis (ERT). ERT blei drive av staten frå 1939 og fram til selskapet blei nedlagt i 2013. I 1975 blei det innført statleg radio- og TV-monopol, men dette opphøyrde i 1987, då myndigheitene tillèt private radiosendingar. I 1989 blei også private fjernsynssendingar tillatne. Frå midten av 1990-åra starta to nye privateigde TV-kanalar sendingar i Hellas, Ant1 og Mega.

Dei største TV-kanalane i dag er Ant1, Mega, Star, Alpha, Skai og ERT. Store radiokanalar er ERT og den første ikkje-statlege kanalen Athina 9.84, i tillegg til fleire reklamedrivne kanalar.

Nedlegginga av ERT og opprettinga av NERIT

Den 11. juni 2013 blei det nasjonale radio- og TV-selskapet Elliniki Radiophonia Tileorasis (ERT) lagt ned. Nedlegginga var eit resultat av større statlege budsjettkutt grunna finanskrisa. Hendinga blei møtt med store protestar og kritikk både nasjonalt og internasjonalt. Kring 2600 menneske mista arbeidet, og demonstrasjonane varte i fleire veker. Nokre av dei tilsette okkuperte i ettertid ERT sine lokale og heldt fram med radiosendingar.

I mai 2014 blei Nea Elliniki Radiofonia, Internet kai Tileorasi (Det nye hellenske radio-, internett- og TV-selskapet, NERIT) skipa som eit alternativ til ERT. I motsetnad til ERT, som blei finansiert gjennom reklameinntekter (1/3) og brukaravgift, blei NERIT hovudsakleg finansiert gjennom ei avgift lagd til straumrekninga. I tillegg mottok NERIT månadleg støtte frå den greske staten.

I 2015 gjenopna regjeringa, under statsminister Alexis Tsipras, ERT som Hellas' offentlege kringkastingsselskap og la med det ned NERIT. NERIT hadde si siste sending 11. juni 2015, nøyaktig to år etter at selskapet blei starta opp.

Pressefridom

Ifølgje Reportarar utan grenser si årlege rangeringsliste over pressefridom var Hellas i 2019 på 65. plass av 180 i verda. Dette er ein oppgang etter eit fall frå 35. plass i 2009 til 99. plass i 2014. Journalistar som har prøvd å dekka den politiske og økonomiske situasjonen i landet, har til tider blitt fysisk angripne både av politi og demonstrantar og tiltalte for korrupsjon og for samansverjing med ymse politikarar. Dette gjeld særskilt i hovudstaden Aten. Statsminister Alexis Tsipras lova ei betring i pressefridomen då han vann valet i januar 2015.

Aviser, radio og TV har tradisjon for å vera styrte av få store selskap. I 2010 var 71 prosent av den nasjonale pressemarknaden fordelt på fire store presseselskap, Lambrakis, Pegasusgruppa, Kathimerini AE og Tegopoulos AE. Dette har møtt kritikk og har styrka klagemåla om korrupsjon i media.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg