Martin Birkeland

Faktaboks

Martin Birkeland
Født
8. juni 1884, Stryn i Nordfjord
Død
7. oktober 1954, Sandane
Gravlagd i Fana

Artikkelstart

Martin Birkeland var lærar, norskdomsforkjempar og målmann. Han var den viktigaste drivkrafta i etableringa av Fana folkehøgskule, og han var styrar der gjennom meir enn tretti år.

Martin Birkeland var fødd i Stryn i Nordfjord. Etter folkehøgskule på Voss tok han examen artium ved Bergen katedralskole i 1904. Han arbeidde som lærar på ein kveldsskule i Gloppen i Sandane i eitt år, og ved Jæren folkehøgskule frå 1905 og i ti år framover. I dette tidsrommet fekk han permisjon gjennom tre semester til studium i filosofi, norsk og historie ved Universitetet i Oslo. Frå 1915 var han styrar ved Fana folkehøgskule, til han tok avskil i 1949 av helsemessige grunnar.

Nord- og Midhordland høgskulelag, som var skipa i 1913, kalla han til å byggje opp ein ny folkehøgskule nær Bergen. Han valde sjølv lokale på herregarden Store Milde i Fana, og han styrte skulen gjennom ein mannsalder. Birkeland, som var inspirert av Christopher Bruun og grundtvigianismen, vart ein frontfigur i norsk folkehøgskulepedagogikk. Han ivra for nynorsk målreising og norskdomsarbeid. Birkeland var ein populær foredragshaldar, og han var kåsør i NRK.

Birkeland var formann i Vestlandske mållag i eitt år frå 1926 og elles varaformann i tidsrommet 1922 til 1932. Han var medlem av Riksprogramrådet i NRK frå 1933 fram til andre verdskrigen, og i Kringkastingsrådet fram til 1954. Birkeland var òg medlem av Rettskrivingsnemnda av 1934 og Samordningsnemnda for skuleverket av 1949. Ei tid var han styremedlem i Vestlandsavdelinga av Foreningen Norden, og han sat i styret for Bergen museum frå 1945 til 1953.

Birkeland fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1950 for verdifull kultur- og samfunnsinnsats.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hermod Arne ofl. (red.): Gamal Grunn. 40-årsskrift for elevlaget ved Fana folkehøgskule. Bergen 1955
  • Karl Bakke: Norske skulefolk. Stavanger 1952
  • Hans Fredrik Dahl: Hallo, hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
  • Arne Espeland: Norske skulefolk. Stavanger 1934
  • Kaare Fostervoll: Mot rikare mål. Den norske folkehøgskulen 1864–1964. Oslo 1964
  • Hallvard Framnes ofl. (red.): Vestlandske mållag 1904–1954. Bergen 1954
  • Jakob Naustdal: «Martin Birkeland», i Hallvard Framnes ofl. (red.): Vestlandske mållag 1904–1954. Bergen 1954
  • Jakob Naustdal: «Martin Birkeland», i Hermod Arne ofl. (red.): Gamal Grunn. 40-årsskrift for elevlaget ved Fana folkehøgskule. Bergen 1955
  • Bjørn Steenstrup: Studentene fra 1904. Oslo 1954

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg