Marthe er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Marte.

Namnet har fleire variantar: Marta, Marte, Martha, Marthe.

Kjende personar med namnet Marthe

Eit utval personar med namnet Marthe, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 475 kvinner i Noreg som hadde Marthe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Marta og Martha slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Sidan år 1900 har formene med [h] (Marthe og Martha) vore omtrent like mykje brukte som dei utan [h], og variantane med [h] er slått saman med dei utan [h] i kurvene også for tida etter år 1900. Tidleg på 1800-talet var det heile 3,9 prosent av jentene som fekk namnet Mart(h)e, men deretter gjekk det jamt nedover med dette namnet utover på 1800-talet. Mart(h)a derimot hadde ei noko anna popularitetsutvikling på 1800-talet Også denne forma gjekk nedover på 1800-talet etter ein toppfase tidleg i det hundreåret, men frå 1865–69 fekk Mart(h)a eit oppsving fram mot år 1900, og Mart[h)a var nummer 4 på ranglista 1890–1894. På 1900-talet kan namneparet Mart(h)a – Mart(e) jamførast med til dømes Hilda – Hilde og Helga – Hege. Tidleg på 1900-talet var forma på -a mest brukt, men i siste del av 1900-talet dominerte dei på -e i desse namnepara.

Utvikling i bruk av namnet Marthe frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Marthe frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg